ERESFJORD / NESSET: – Den er mykje større enn vi hadde tenkt, seier Hilde Toven, rektor ved Eresfjord barne- og ungdomsskule. Ho kan fornøgd vise fram gaupefellen, som er 160 cm lang, og 125 cm brei.

Påkøyrd

Gaupa vart 1. mars i fjor funne påkøyrd ved Buggestranda, halvannan kilometer frå Eresfjord. Oddvar Mittet, ettersøksjeger i kommunens viltnemnd, rykka ut da gaupa vart påkøyrd. Han opplyste til Romsdals Budstikke i samband med påkøyrselen at gaupa at var på 18 kilo, altså veldig stor.

Sende søknad

Rektor Toven sende etter påkøyrselen søknad om at skulen skulle få gaupa til undervisningsformål. Miljødirektoratet innvilga søknaden, og etter ein lengre prosess med garving ved Granberg garveri, kom gaupa nyleg på plass på skulen i Eresfjord.

Utstopping umogleg

– Det er stor etterspørsel etter å få tak i slike dyr. Men vi var tidleg ute, og det er også slik at skular og museum er prioritert framfor private i slike samanhengar, seier Toven.

Skulen hadde håpa å få gaupa utstoppa, så den kunne bli ein del av dyre- og fuglesamlinga ved skulen.

– Frå før av har vi mellom anna ei utstoppa ørn, fortel Toven.

Men skadar gaupa fekk i ansiktet under påkøyrselen, var slik at det ikkje var muleg å stoppe den ut, ifølgje Toven.

– Mjukare enn katt

Gaupa kom altså «flatpakka» tilbake til Nesset, men det er uansett stor stas.

– Skinnet er veldig fint og mjukt. Det er faktisk mjukare å stryke over dette enn å klappe ein katt, seier Toven.

Ho poengterer også dei store potane, der klørne er godt varetatt.

– Skinnet er nydeleg preparert, no er det berre om å gjere å få den utstilt og brukt på ein god og trygg måte, seier Toven.

Sikker oppbevaring

Inntil vidare er gaupa trygt oppbevart på lærarrommet.

– Vi er jo litt redde for dette flotte skinnet, og må sikre oss at det vert godt tek vare på. Planen å få det opp på veggen i foajeen, i same rom som dei andre dyra er utstilt. Vi vurderer løysingar der gaupa vert utstilt og oppbevart bak glas, og heller ta den fram til undervisninga, seier rektor.

– Om den heng ope og tilgjengeleg, er det freistande å ta på pelsen, og kanskje kan det forsvinne hår. Vi må unngå at det vert seigt, klissete og at deler av pelsen forsvinn, seier ho.

Stor stas

Toven opplyser at også elevane synest det er kjempeartig at skulen fekk gaupeskinnet.

– Dette er eit dyr det vert snakka om, og som er vanskeleg å få sett ute. No er det muleg for oss å studere det heilt på nært hald, her på skulen!