(smp.no) Eit firma frå Litauen skulle levere ei last i ei bygd på søre Sunnmøre før jul. Under lossinga blei det oppdaga at det ikkje berre var lovlege varer i lasta.

Tre store kasser med til saman nær tusen flasker sprit, var med i semitraileren: Om lag 950 flasker vodka, samt nokre flasker brandy og whisky. Kassene hadde emballasjen til leverandøren i Litauen, men var ikkje merkte med mottakar.

Varetektsfengsla i desember

Ei av kassene blei ved ein feil opna av ein i selskapet som skulle ha dei lovlege varene. Politiet blei varsla og den litauiske sjåføren blei arrestert 6. desember.

Rettssaka kom opp for Sunnmøre tingrett onsdag, og fredag fall dommen.

Mannen har vore varetektsfengsla i 30 dagar og blir no sett fri, sidan tingretten meiner politiet ikkje har ført bevis for smugling. Retten meiner heller ikkje at det er ført bevis for at mannen har vore aktlaus i forhold til innføring av sprit eller manglande fortolling.

Aktor la i retten ned påstand om 120 dagar fengsel for mannen.

Fekk telefon frå ukjend

Tiltalte har forklart at han var totalt ukjend med spritkassene i bilen. Han var med på lastinga i Litauen, og har forklart at han ikkje såg kassene. Bilen stod avlåst i to dagar frå han blei lasta til sjåføren la ut på turen til Norge. Kassene var store og tunge og ifølgje dommen kunne dei ikkje ha blitt plassert i bilen utan kran.

Først då han nærma seg Ålesund fekk sjåføren telefon frå ein ukjend person som sa at han hadde kasser i lasta og at desse skulle leverast i Ålesund.

Tiltalte var allereie forseinka og sa han først måtte levere det han skulle på søre Sunnmøre.

Spriten blir inndregen

Mannen er frikjend for spritsmugling, men dømd for å ha køyrt ein skeivlasta semitrailer. Sjåføren har tilstått at han oppdaga dette, men valde å køyre vidare, noko retten meiner kunne medført fare.

Normalt ville slik lasting ha ført til ei bot, subsidiært ei fengselstraff. Sidan mannen skal godskrivast 30 dagar i varetekt, så reknar retten straffa som gjennomført.

Han må også tåle inndraging av brennevinen, sjølv om han ikkje er dømd for å ha innført spritpartiet. Retten meiner det er fare for at spriten blir gjenstand for straffbare handlingar, om det ikkje blir beslaglagt.

Saka ble først publisert av Sunnmørsposten.