I tråd med tilråding frå Riksantikvaren, er nye skisser for utbygging av Storlihytta i Moldemarka no til behandling i Molde kommune.

Ja frå Riksantikvaren

Riksantikvaren tilrår Arkitektene bbw sine nye skisser, basert på Riksantikvarens innspel.

Saka kjem no opp på nytt, etter første runde i fjor sommar. Politikarane sa da ja til søknad om dispensasjon til ombygging og riving av delar av Storlihytta. Men fylkeskonservator Bjørn Ringstad hadde innvendingar, og bad Riksantikvaren klage. Etter drøftingar avgjorde Riksantikvaren ikkje å klage, men å pålegge turistforeninga å utarbeide nytt forslag til nybygg.

Ny versjon

Endringa sidan første skisse for utbygging, inneber å bevare ein større del av den eldste delen av Storlihytta, auke avstanden mellom gammal og ny hytte, fjerne fysisk forbindelse mellom hyttene, og justering av den nye hytta.

Avklaring i januar

Søknad om godkjenning ligg no hos Molde kommune, og skal politisk behandlast i januar.

– Mykje vil forhåpentleg bli avklart i løpet av januar, både når det gjeld byggeplanen, og også når det gjeld finansiering, seier Arnstein Salthammer Eide, fungerande dagleg leiar for Molde og Romsdal turistforening.

– Vi hadde rekna med avklaring før jul, men håper no at vi har eit klart svar i løpet av januar, seier Salthammer Eide.

– Når kan bygging komme i gang?

– Avhengig av at finansieringa kjem på plass, håper vi på byggestart før sommaren. Ut frå plasseringa er dette er eit prosjekt som berre kan gjennomførast i den lyse årstida. Kjem vi ikkje i gang før sommaren, må det truleg utsettast, seier Salthammer Eide.

Millionprosjekt

Utbygging av Storlihytta er ifølge Salthammer Eide stipulert til om lag 8,5 millionar kroner, med moms.

– Dette er eit overslag. Detaljane er ikkje på plass enno, mellom anna reknar vi med å få overslag frå kommunen no i januar på det som går på vatn og kloakk, seier Salthammer Eide.

– Korleis skal utbygginga finansierast?

– Vi jobbar ut frå å dekke det med spelemidlar, private midlar og tilskot frå lokalt næringsliv. Dette jobbar vi også med no, seie Salthammer Eide.

Optimistisk

Styreleiar for Molde og Romsdal turistforening, Mette Kamsvåg, kommenterer at det no ser positivt ut for utbygginga.

– Vi er godt i gang med finansiering og planlegging elles, og er klar til å sette i gang når snøen forsvinn, seier Kamsvåg.

– Dei nye skissene er nokså ulike dei første, korleis ser du på det?

– Vi hadde jo i utgangspunktet ønska at hyttene kunne byggast saman, men vi lever også heilt greitt med versjonen med avstand mellom den gamle og den nye hytta. Vi synest skissene var bra før, og enda betre no. Dette blir veldig bra, vi gler oss veldig, seier Kamsvåg.

Politisk behandling

Saksbehandlar i Molde kommune, overingeniør / fagleiar Gudrun Holm, opplyser at saka etter planen skal opp i Plan- og utviklingsstyret 23. januar, og i formannskapet 30. januar.

Saka har vore på høyring, der instansar som fylkesmann og fylkeskommune har kome med høyringssvar.

– Problemstillinga som var aktuell tidlegare i høve til Riksantikvarens innvendingar, er det no semje om, seier Holm.

Revidert utbyggingsforslag, med fasadar sett frå nord og sør. Skisse: Arkitektene BBW Foto: Skisse: Arkitektene bbw