Det meiner Bjørn Wang (Uavhengig, før Venstre), som på sist møte i Midsund kommunestyre kom med interpellasjon om dette.

Han la på møtet fram forslag om at kommunestyret ber fellesnemnda behandle saka.

– Gjeld alle tre kommunane

Til Romsdals Budstikke utdjupa Wang bakgrunnen for sitt engasjement:

– Vi ønsker at Møre og Romsdal skal vere eit fiskeri- og turistfylke, og da vil eit deponi kunne gi tap av omdømme som vi ikkje må undervurdere, seier Wang.

– Men er dette ei sak for Midsund?

– Kan bli sittande med ansvar

Han meiner saka potensielt vil kunne få økonomiske konsekvensar for den nye storkommunen.

Appellerte

Til kommunestyret poengterte Wang at Bergmesteren Raudsand AS er ein privat aktør, og at det er snakk om eit deponi med nasjonal betydning, som vert liggande for alltid. Han refererte også Ulrich Beck (tysk sosiolog kjend for sin teori om risikosamfunnet, red. anm.) og utfordringar med forureining ein ikkje kan sjå.

– Angår oss

– Dette er ei svært viktig sak. Den angår ikkje berre Nesset, men er viktig også for oss i Midsund som del av Nye Molde kommune, sa Wang til kommunestyret.

Støtte og motbør

Lars Hagseth (Ap) var einig.

– Vi støttar interpellasjonen som den ligg føre, sa Hagseth.

Ordførar Odd Helge Gangstad (Sp) krediterte Wang for å ta initiativ og komme med interpellasjon, men argumenterte i mot.

Ville vente

Også Frits Inge Godø (V) meinte det vil vere fornuftig å vente, og peika på at saka vil gå sin gang i Nesset til ut i juni.

– Men eg ser ikkje bort frå at dette kan vere ei sak for fellesnemnda, sa Godø. Arnstein Misund (KrF) støtta utsetting, og viste til behov for å konferere med sin partifelle i Nesset.

Utan vedtak

Robin Sørlie (H) sa at han kunne forstå bekymringa, men:

– Ein stad må jo eit slikt deponi vere, kommenterte han.

Adrian Sørlie og Inger Lise Trønningsdal (H) foreslo at saka kunne sendast fellesnemnda utan vedtak i kommunestyret.