(smp.no) – Sjøholt hotell er eit viktig kulturminne frå tidleg 1900-tal, og eit typisk sveitserstilhotell. Slike trehotell var vanlege før, men no har vi ikkje mange att i Noreg, seier riksantikvar Jørn Holme i ei pressemelding.

Hotellet vart oppført i 1903-1904 og er ifølgje riksantikvaren eit godt bevart døme på eit turisthotell i sveitserstil.

Sjøholt i Ørskog vart ei gjennomfartsåre og ein naturleg stoppestad etter at det vart etablert veg over Ørskogfjellet i 1835.

Reist på rekordtid

Det var Andreas Rasmussen som reiste opp hotellet på rekordtid, etter at det førre hotellet han eigde på staden brann ned.

Ifølgje riksantikvaren skal byggetida ha vore mindre enn tre månader, og det kan vere tale om eit ferdighusprodukt.

– Det ser ein ikkje minst på interiøret, som har same detaljering i alle tre etasjane.

Fredinga omfattar hotellet, hagen og uthus med løe. Fredingssaka er utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kjempa for hotellet

Storleikstida til Sjøholt hotell var 1930-åra. Etter 1930 kom ein reduksjon i kundegrunnlaget, og frå 1965 var det heilt slutt.

I 1989 vart hotellet og inventaret lagt ut på auksjon. Då oppstod det eit stort engasjement i bygda for å behalde Sjøholt hotell som landemerke og turistattraksjon.

– Hotellet er per i dag ikkje i bruk, men er bevart slik det sto på byrjinga av 1900-talet.

Restaurering

Sjøholt hotell stod lenge til forfall, men dei siste åra er det sikra mot vêr og vind. Ekteparet Arne og Margaret «Maia» Sæther kjøpte hotellet i 2013.

Sunnmørsposten skreiv i 2015 om at det kom løyvingar over statsbudsjettet på til saman 708.000 kroner til restaurering.

– Vidareføringa av restaureringsarbeidet kan no endeleg kome i gang. Saman med ein byggmeister har vi utarbeidd ein plan om kva som skal gjerast først. Dette arbeidet er allereie kome i gang, sa ein av eigarane, Arne Sæther, til Sunnmørsposten den gong.

Sæther er kanskje betre kjend som keyboardist i bandet Raga Rockers.

Mølltunet

Mølltunet i Geiranger i Stranda kommune er eit tettbygd klyngetun i bratt vestlandslandskap, med bygningar frå midten av 1700-talet og fram til 1905.

– I dag er det svært få slike tun som står att på landsbasis, og Mølltunet er det best bevarte klyngetunet på Sunnmøre.

– Mølltunet er eit anlegg av nasjonal verdi, som ligg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Dette bygningsmiljøet har vore uendra dei siste 110 åra, ikkje minst på grunn av dedikerte eigarar. Fredinga av Mølltunet skal vere med på å sikre gode vilkår for framleis bruk og vedlikehald, seier riksantikvar Jørn Holme.

Artikkelen ble først publisert i Sunnmørsposten.