Når vi set oss til bords julaftanen, er det tradisjonen som tel. Vi et det som familien vår brukar å ete. Julematen i heimane er noko av det viktigaste i jula, men det er ikkje alltid matrettane har så lang tradisjon som ein skulle tru. Gamle folk fortel gjerne at foreldra deira igjen kunne fortelje om andre julematskikkar heime då dei var små. No er kanskje julematen for mange blitt meir standardisert .

Matvarebutikkane leverer ferdig salta og tørka lamme- eller sauesider, slik at vi slepp gjere den jobben sjølv. Og kva vi kallar maten, det er også standardisert. På klistrelappen står det «Pinnekjøt». Men er det ”pinnekjøt” vi har brukt å kalle det i romsdalsdistriktet? Det har nok variert. I min barndom hugsar eg ikkje at det var snakka om pinnekjøt i bygda. Vi snakka om saueribbe, eller berre ribbe. Far sa at dei før snakka om side-rev eller rev-bein. Ofte kalla vi no forresten retten «steik», fordi vi steikte ribbeina i omnen etter damping. Og vi hadde lemma sund slaktet på den måten at kotelettdelen ikkje var med sauesida, slik at det var berre var dei tynne ribbeina som var med. Men i somme romsdalsbygder har nemninga pinnekjøt også vore brukt. Likevel trur eg det er lenger sør på Vestlandet at nemninga pinnekjøt har vore mest vanleg, ikkje minst i områda der det lyder «pinnakjøt».

Ordet pinnekjøt trur dei fleste kjem av at kjøtet har blitt dampa over bjørkapinnar, men ikkje alle er sikre på det, kanskje har ordet blitt til fordi ribbeina ser ut som pinnar. Eg høyrde nyleg om eit barn som kalla retten kjøtpinnar, kanskje like bra uttrykk som pinnekjøt! Det er vel heller ikkje heilt klart kva opphavet til ordet ribbe er. Det kan vere eit av dei mange orda vi har teke inn i norsken frå nedertysk. I dag heiter eit ribbein «rib» på nederlandsk. Ei anna forklaring kan vere at det er ordet «riv», det gamle norske ordet for ribbein, som har smelta saman med «bein»: riv-bein > ribbein, altså eit gammalt norsk ord.

Men ribbein finst på allslags virveldyr, ikkje minst på grisen. Dét blir også julemat for mange. På landsbasis er det mange fleire som et svineribbe enn saueribbe til jul. Og svineribbeetarane har gjerne ikkje vore så vant til saueribbe, dermed treng dei ikkje seie anna enn ribbe når dei meiner svineribbe. Og dette er då grunnlaget for det som no er standardspråket når julemat blir omtalt i media o.l.: «Ribbe» tyder svineribbe, og saueribba får namnet «pinnekjøt».

Kan det vere at folk av og til snakkar forbi kvarandre når dei snakkar om ribbe? Den eine tenkjer på saueribbe, og den andre tenkjer seg ikkje noko anna enn at ribbe er svineribbe. Eg laga meg ein gong ein teori om at dette kunne vere opphavet til ein mattradisjon. To personar snakkar saman om julemat og ribbe. Svineribbemannen legg ut om kor godt det er med surkål til ribba. Saueribbedama seier at det har ho aldri høyrt om, det skal ho verkeleg prøve. Og sanneleg synest ho det smakar godt med surkål til saueribba. Ho har ein viss prestisje i matlagingskretsar, og dermed spreier det seg ein tradisjon med surkål til saueribba i eit visst miljø. Denne teorien har eg ikkje tenkt å etterprøve meir, for eg er redd det ikkje er hald i han.

Då eg var liten, brukte mor å lage sauerull og syltaflesk. Syltaflesket kunne vi også kalle grisesylte. Men vi kalla det ikkje berre «sylte» utan å ha med ordet «gris». Seier vi sylte, tenkjer vi på sylte av bær, slik som jordbærsylte, stikkelsbærsylte og tytesylte. Når ein romsdaling et brødskive med sylte på, er det ikkje snakk om saltmat. Mange stader brukar dei ordet sylte berre i tydinga grisesylte. Då må dei leggje til -tøy når dei skal snakke om «vanleg» sylte. I Bokmålsordboka blir faktisk ordet sylte forklart berre som grisesylte. Anna sylte får då namnet syltetøy. Ordet syltetøy har ikkje nokon tradisjon i romsdalsk. Men det er no i grunnen eit artig ord med flott klang. Berre prøv å seie, rytmisk og med tydeleg artikulasjon: t y t t e b æ r s y l t e t ø y. Høyr kor t-ane smell. Nesten som eit lite dikt i seg sjølv. Det blir meir prosaisk med berre vanleg tytesylte. Men smaken er like god.

Ordet sylte er nok også eit av orda med opphav i nedertysk. Dei reknar med at det har same ordrota som «salt». Det er snakk om å konservere matvarer. Då kan ordet ha blitt overført frå konservering med saltlake til konservering med eddiklake og sukkerlake. Vi kjenner jo også godt til sylteagurk, der eddiklake er brukt.

Vi har sett på at orda vi brukar om visse rettar eller matvarer, kan variere frå stad til stad. Sjølvsagt kan det vere litt forargeleg når nemningar som er vanlege i romsdalsk, ikkje er dei som slår heilt igjennom i meir standardisert språkmiljø. Vi blir vel berre nøydd til å bite det i oss. Kor som er skal vi iallfall få det til å smake godt!

Språkspalta er denne uka skrevet av Arnfinn Hovde.