Harøy stadion skal rustast opp for nesten 12 millionar kroner

Nytt løft for idretten på Harøya.

Godt i gang Sol og regnbygene kom like kjapt og vekslande som eit Harøyangrep på fotballbana under fotograferinga denne novemberdagen. Det er alt gjort mykje godt arbeid på stadion. Frå venstre driftsleiar for tekniske tenester i Sandøy kommune, Gerhard Strand Fitje og leiar i fotballgruppa i Harøy idrettslag og for byggeprosjektet Håkon Heieraas.  Foto: Svein Ove Søholt

Pluss +

Harøy: Noverande Harøy stadion vart innvia i 1980 med flott løpebane og stor stas. I årsmeldinga til idrettslaget dette året sto det at ordførar Idar Grøtta innvia bana med eit lite spark på ballen, men at det var eit stort spark for fotballen på Harøya. I fleire år hadde denne bana ry på seg for å ha eit av dei flottaste grasdekka i fotballkretsen.