(Smp.no) Haugan vart henta til Hødd i mai og har vore ein sterk bidragsytar til at Hødd avslutta sesongen med ti strake kampar utan tap.

– Eirik har vore outstanding for oss. Det er eigentleg ganske utruleg at vi fekk tak i ein slik spelar. Han har ei stor framtid framfor seg, seier Hødd-trenar Sindre Eid til Sunnmørsposten.

– Kva grunngir du det med?

– Han spelte vel U21-landskamp seinast i vinter og vart henta til Marseille som 18-åring. Dit vert du ikkje henta om du ikkje har litt ferdigheiter. Når du i tillegg ser korleis han har prestert for oss i år, så er eg overraska over at ikkje større klubbar snappa han opp, seier Eid.

Sjølv har Haugan ei litt meir jordnær tilnærming til nettopp det.

Vil forlengje kontrakten

Sjølv føler han at formkurva har peika oppover heilt sidan han skreiv under for Hødd.

– Heilt i starten spelte eg kanskje nokre kampar utan at eg var heilt klar for det. Men etter kvart har forma gradvis vore stigande, sjølv om eg framleis føler eg har meir å gå på, seier Haugan.

Hødd er uansett så fornøgd med utviklinga til midtstopparen at dei allereie har ytra ønske om å forlengje kontrakten hans. I utgangspunktet varer den ut komande sesong.

– Sjølvsagt ønskjer vi det, seier Sindre Eid.

Sjølv utelukkar Haugan ingenting, men han antydar at han vil sjå an Hødds satsing inn mot neste sesong før han eventuelt skriv under på ei langtidskontrakt.

Trur på Hødd-utvikling

Sindre Eid håpar og trur at ein lengre Hødd-avtale kan vere det riktige for Eirik Haugan.

– Eirik var småskadd og sleit litt då han kom hit først, men etter kvart har han tatt nye steg som forsvarsspelar kvar dag. Neste år skal vi vere med i toppen. Eg trur det vil passe han bra. Han vil få mykje ansvar her, seier Eid.

– I tillegg får han kanskje tryggleiken han mangla i Frankrike?

Denne saka ble først publisert av Sunnmørsposten.