Fredagskvelden på slaget kl. 16.53 møtte heile 120 personar fram ved foten av Ona fyr for å skåle i musserande vin. Dette var det nøyaktige tidspunktet for 150 år sidan då Ona fyr vart tent for første gong 20. oktober i 1867.

På festdagen på laurdag stua heile 150 personar seg saman på forsamlingshuset Stormly for å lytte til den fantastiske historia om Ona fyr, om samfunnsutviklinga lokalt og nasjonalt og om kva filosofiske tankar folk har hatt, og har, til det spesielle monumentet som kneiser på toppen av Onakalven.

Traff nerven

Det at folk har eit spesielt tilhøve til Ona fyr merka vi godt alt på ferja utover til Ona. Dei fleste med tilknytning til Ona har det høge mørkeraude fyret som sjølve symbolet på sitt eige opphav. Det å forklare det, eller det å sette ord på sitt eige sinn er vanskeleg for den enkelte.

Folk utanfrå blir fasinert av Ona fyr, -av det bygningsmessige miljøet i foten av fyret og av folket. Ona er ein spesiell magnet - ein turistmagnet.

Under festen på Stormly kunne likevel forfatter og filosofen Kirsti Mathilde Thorheim sette sine tankar og ord på kva betydning Ona fyr har i folkesjela. Ho har like godt kjøpt seg hus i Onagarden og bur der fast. Gjennom diktlesinga på festen nikka publikum gjenkjennande og smilte til kvarandre. Ho traff nerven!

Feststunda på Stormly vart opna av regiondirektøren i Kystverket, Harald Trondstad som nytta høvet til å gi honnør til familien Turid Myrvang og Torstein Viken som i dag eig og bur i den gamle fyrvaktarbustaden. Det arbeidet dei har gjort for å bevare bustaden er forbilledleg. I tillegg har dei i kjellaren fått rigga eit minimuseum over fyrhistoria på Ona som Kystverket no ville sette sitt godkjentstempel på ved å montere Kystverket sitt skjold på veggen.

Familien Myrvang/Viken har halde ope hus gjennom heile jubileumshelga. Tidlegare på dagen fortalde Torstein at det å få kjøpe fyrmeisterbustaden var ikkje lett, sjølv om den var strippa for alt av betydning og klargjort for riving. I 1982, etter mange år og mange søknader vart det vedtatt i Stortinget, faktisk, at dei kunne få overta bygningsmassen.

Huset vart kjøpt etter takst, freda av Riksantikvaren og er av lafta tømmer. Det å få kome inn i fyrmeisterbustaden i dag er fantastisk. Veldig smakfullt innreidd og ein vil gjerne tru at mange av gjenstandane i bustaden er frå fyrmeisteren sin storheitstid. Men slik er det ikkje. Berre nokre ubetydlege gjenstandar som foten på kjøkkenbordet var igjen. Inne i stova viser Turid fram eit høgt skap med koppar og kar i. Skapet er frå 2. verdskrigen og tyskarane brukte det til klesskap då dei okkuperte huset. Sporet etter knakkane var tydeleg inne i skåpet. Dette er også noko av historia til bustaden.

Tilbake til festen kåserte museumsdirektør ved Romsdalsmuseet, Jarle Sanden, om livet på Ona før og etter 1867. Med brei pensel trekte han opp dei lange linene, men innimellom med smal pensel fargela han med innleving det barske livet mellom dei grå bygningane på Ona. Her var det mange standsforskjellar. Fyrmesteren var som ein høvding med uniform slik som losane i og ikring fyret.

Den kvite fyrmesterbustaden og assistentbustaden lyste opp og forsterka inntrykket. Nede i Onagarden rådde væreigaren medan folket på Husøya var frie fiskarar og kunne tilverke og omsette fisken der dei mått ønske. To heilt forskjellige økonomiar. Ona fyr og dei øvrige fyra langs kysten vart symbolet for den nye tida. Ei grotid for Sandøysamfunnet og ei gortid for resten av det nye Norge. Onasamfunnet var eit fole viktig samfunn, konstaterte Sanden til slutt.

Nasjonsbygginga

Utbygginga av fyra langs norskekysten vart den største økonomiske satsinga som den unge nasjonen Norge utførte på 1800-talet. Det å kunne ferdast trygt langs heile kysten var svært viktig for å binde nasjon saman og det å kunne samhandle med omverda, fekk vi fortalt gjennom dei mange foredraga.

Forskar og konservator ved Næs Jernverksmuseum i Tvedestrand, Gunnar Molden, kåserte om tida frå oppbygde steinfyr til nyvinninga med bruk av støypejarn til det norske fyrvesenet.

Fyrbyggarane utvikla etter kvart sitt eit eige yrke, der storparten vart rekruttert frå bygdene rundt Dalsfjorden på Sunnmøre. Her heldt avdelingsleiar ved Dalsfjord fyrmuseum, Frode Pilskog, eit interessant foredrag / biletspel om denne utviklinga.

Fram mot kaffi og eit gedigent kakebord fekk vi også eit kåseri av Kystverket i dag ved Bjørn Relling.

Den alltid nærverande kantor Robert Coates kom med sin musikalske helsing til jubileet. Først komposisjonen til den gamle bilferja «Midøy» som vart skriven i 2005, deretter ein heilt nyskriven for dagen; komposisjonen kalla «To the light-house» med undertittelen til 150 års jubileet til Ona fyr. Han akkompagnerte også allsongen «På vakt vest for Ona» av Kristoffer Sølvik. I eitt av versa blir det skrive slik om Ona fyr:

Og Ona – ho lyser i kolsvarte natt, ho vinkar til oss langt her ute,

Gjev peiling for kursar for mannen ved ratt, og rettleider farande skute.

Så trufast ho står på si einslege vakt. Og blinkar sitt varande: Ta deg i akt

for fallgarden her vest for Ona.