– Det starta med barneskolen. Da eg begynte på skolen, var eg ei aktiv og blid jente. Men eg sleit med å sitte i ro, sleit med konsentrasjon, og fekk ikkje til dette med å skrive, innleia moldejenta Stine (23).

Jobbstøtte

På scena framfor ein fullsett Bjørnsonsal under IA-konferansen fortalde ho si historie, ei historie om slit og mange nedturar, men også om håp og endring. Stine har fått hjelp av NAVs konsept IPS, individuell jobbstøtte, som gir personar med alvorlege og moderate psykisk lidelse mulegheit til å kunne ta og behalde jobb når dei er i behandling.

Frå første klasse

Skolen vart krevjande for Stine.

– Mamma tok det opp tidleg, sa ifrå om at Stine slit. Men skolen meinte at det ville gå seg til, fortel Stine.

Da ho begynte i 3. klasse, flytta dei, og ho begynte på ein annan skole i Molde.

– Det var ein ny start, eg fekk nye venner og kom med i aktivitet som handball. Men så vart det tungt på skulen der også. Mamma tok igjen kontakt med læraren, sa at ting ikkje stemde, at Stine treng hjelp. Læraren meinte at problema heller kom av at eg var lat.

– Blei bajas

I 8. klasse fekk eg ny kontaktlærar som såg meg, og hjelpeapparatet vart kopla inn. Det blei BUP og PPT og barnevern og tenester og møte.

– Men eg vart sliten og demotivert. Eg misunte medelevar som lett fekk gjort skulearbeidet, og var frustrert over klager på 4-er og 5-ar medan eg sleit med å få ein 2-er. Eg blei bajas, hang med dei eldre gutane og gjorde masse tull.

Frå 9. klasse møtte eg stadig sjeldnare på skulen, og om eg kom, var det for å vere sosial. Eg klarte ikkje å gjennomføre ting, og gikk ut av skolen utan karakterar.

Anstrengt økonomi

Ho fortel at økonomien heime var trang.

– Det var lite mat i kjøleskapet, eg hadde dårlege matvanar. Eg blei jo ofte invitert i bursdag, men blei skulda for å komme berre for å spise kake – utan å ha med presang. Det var kanskje sant – eg liker jo kake – men det var også slik at eg ikkje ville spørje mamma om pengar til bursdagspresang.

Til Oslo

Med inntak på særskilt grunnlag, begynte Stine på vidaregåande skole.

– Eg trudde det kunne gå bra. Men med 90 minutts timar og lange dagar, så ramla eg av igjen, og flytta til Oslo til pappa. Eg trudde på ein ny start der, og starta med friskt mot i andre klasse på vidaregåande – sjølv om eg ikkje hadde fullført førsteklasse. Det var nokså bortkasta, kan eg seie: etter ei veke ramla eg av, fortel Stine.

Lata som om ho gikk på skolen

Men det heldt ho hemmeleg.

– Eg gikk ut til vanleg tid om morgonen, sneik meg inn igjen på rommet via vindauget, og var heilt stille til alle var ute av huset. Medan alle trudde at eg var på skulen, gikk eg på butikken og brukte stipendet på godteri og pizza, og heldt senga heile dagen.

Så begynte eg også å drikke, og ville i påverka tilstand ta livet mitt. Det blei mange episodar med legevakt og henting av ambulanse og politi.

«Nissen på lasset»

– Da var mamma der igjen. Nissen har følgt med på lasset, sa ho, og henta meg heim igjen til Molde. Ho gav ikkje opp, og sto på for meg vidare, sjølv om det var mykje rus og blålys her også. Hadde det ikkje vore for ho, hadde eg ikkje stått her, seier Stine om mor si.

Ny start

Vendepunktet kom da Stine fekk ein psykolog som fortalde om IPS, og ho tok sjansen på å prøve. Ho fekk tilbod om jobb som assistent på ein barneskole. Det freista eigentleg ikkje:

– Eg har ikkje sans for barn! Det vart likevel til at eg stortreivst, det var kjempekjekt, eg gikk heilt opp i det. Men så vart eg altfor sliten, og datt nedpå igjen.

Eg er enno i IPS, men har no skaffa meg ein jobb heilt på eiga hand! Her avbryt salen Stine, med stor applaus.

– No er eg dørvakt på Kompagniet, ein jobb eg søkte sjølv, og var på intervju for, avslutta Stine.

– Viktig bodskap

Etter foredraget utdjupa ho:

– Det går framleis litt opp og ned i livet. Men eg trivest både med jobben som dørvakt, og med foredrags-jobben. Eg held fram med å fortelje mi historie fordi det er ein viktig bodskap å få fram; at det er håp sjølv om ein slit. Og ikkje minst, å få fram at folk bør sjå på heilheita, ikkje berre på at her er ein CV med «hol».

Foto: Bjørn Brunvoll