TOMREFJORD: Denne veka blir idrettsbygget stengt, arbeidet med opprusting kan starte opp. Sist torsdag vedtok Vestnes kommunestyre etter ein lang debatt å bruke 66 millionar kroner på å ruste opp idrettsbygget. Det er fra 1980-talet, men i så dårleg stand at omfattande reparasjonar er nødvendig.

Medan idrettsbygget er stengt, må elevane ha gymnastikk ute eller i den gamle salen i underetasjen på skulen. For å få dette til å fungere, får skulen no eit provisorisk dusj- og garderobeanlegg i dei nye brakkene, som kommunen har leigd.

Vogntoga kom til Tomrefjord torsdag morgon,  i løpet av eit par timar var kontainerane løfta på plass. Medan arbeidet pågjekk, var elevane inne. No gjenstår gravearbeid og påkopling av vatn og avløp før det kan bli tatt i bruk.

Tomrefjord skule har i dag 240 elevar. Vestnes kommunestyre har vedtatt å bygge felles ungdomsskule for heile kommunen på Vestnes, den kan etter planen stå ferdig i 2020.