(Smp.no): Medan Vestnes kommune har lagt asfalt og stelt vegen fram til kommunegrensa mot Ørskog, har ikkje nabokommunen sett seg råd til å halde sin del av vegen i god stand. Hallgeir Bjørdal som bur på Ørskogsida av Vaksvikfjellet er oppgitt over tilstanden.

– Det er tragisk for bilistane at denne flotte vegen snart ikkje er køyrbar for anna enn traktor og ATV, seier han etter å ha vore til fjells i helga.

Skal opp til behandling

Bjørdal meiner det er på tide at Ørskog også finn fram pengar til å ruste opp den gruslagde vegen som held fram der fylkesveg 102 sluttar.

Også tidlegare har Sunnmørsposten omtala den dårlege vegen der ein må køyre slalåm mellom høl og vassrenner. Arvid Furseth, ein av naboane til Vaksvikfjellet, meinte i fjor at kommunen anten burde utbetre, eller stenge vegen mellom Vaksvikfjellet kapell og kommunegrensa.

Noko rask løysing er ikkje aktuelt, men snart får politikarane i kommunen saka på sitt bord.

– Tenesteutvalet i kommunen vil få ei sak som omhandlar kor mykje det vil koste å ruste opp vegen skikkeleg. Det talet er ikkje klart enno, men når det ligg føre, vil ein gjere ei vurdering, seier teknisk sjef Jørn Johannesen i Ørskog kommune til smp.no.

Det har vore brukt midlar på strekninga tidlegare i år, men berre til å utbetre flaumskader frå i fjor haust.

Utfartsveg

Vegen har til vanleg vore stengd om vinteren, men på Vestnes-sida blir det etter kva smp.no forstår, no brøyta nesten heilt fram til kommunegrensa.

Fjellvegen blir mellom anna nytta som utfartsveg til turar ved Lauparen eller Høgsvora, og av ein del hytteeigarar. Samstundes er det ein «snarveg» over til Tresfjorden.

– Vegen blir brukt ein del sommartid og eg ser også ein del turistar som køyrer her, seier Ørskog-buar Hallgeir Bjørdal.

– Betydeleg kostnad

Frå administrasjonen i Ørskog har det tidlegare vore uttalt  at det vil koste «fleire millionar» å sette vegen i skikkeleg stand. Teknisk sjef Jørn Johannessen vil ikkje meine nok om kva ein bør gjere.

– Vegen er over tre kilometer lang og med mykje som må gjerast, så det vil bli ein betydeleg kostnad, seier han og strekar under at behovet for vedlikehald på kommunale veger er stort.

For tida blir det gjort arbeid med å legge asfalt på vegane kommunen har ansvaret for, etter ei prioritering frå Ørskog-politikarane.

– Det gjerast i hovudsak rundt i sentrum og vi kjem til å halde på med dette ei stund til utover hausten, seier Johannesen.

Denne saka ble først publisert av Sunnmørsposten.