Onsdag kveld under årets fjellfestival på Åndalsnes heldt historikar og faglitterær forfattar Bjarne Langseth eit foredrag om den danske fjellklatraren Carl Hall og «andrebestigninga» av Romsdalshorn i 1881. Dei frammøtte fekk ei informativ og inspirert framstilling av korleis det gjekk til då overklassemannen Carl Hall frå København kom til Romsdalen og Hotel Aak for å finne vegen til toppen av det «ubestigelige» Hornet, og korleis han med god hjelp av dei lokale fjellkarane John Venge, Matias Soggemoen og Erik Norahagen klarte det etter å ha prøvd sju gonger. Eventyrleg? Ja, men sant. Like sant som at Kristen Smed og Hans Bjærmeland hadde vore på toppen om lag 50 år før dei. Varden som møtte Carl, Matias og Erik på toppen av Hornet vitna om det.

Interessant historie

Men Bjarne Langseth kan røpe at han har meir på lager. Snart kjem praktboka om livet på Aak gard gjennom tidene. Historia om dramatisk fjellklatring i 1880 og 1881 er utdrag frå eitt av 12 kapittel i boka, som har fått tittelen «For gjest og jord - Aak gårds historie om reiseliv og landbruk».

– Eg er fødd og hadde oppveksten min i Romsdalen. I barndommen min var Aak eit eventyrslott med mange rom, nummer på dørene, knirkande trapper, mørke loftsgangar og lydar som ga næring til fantasi og spøkelseshistorier. Nokre gonger då eg var på besøk på Aak, fekk eg høyre historier om fortida til garden. Om landbruksskulen, om tindesportens dristige pionerar, laksefiske, jakt og fint folk frå England. Som historikar og forfattar har eg sett meg inn i eit mangfald av kjelder, og fann ut at eg berre måtte fortelje heile denne interessante historia. Ho er mykje meir fantastisk enn dei spøkelseshistoriene eg som barn dikta opp, og ho er sann! Etter mange års arbeid kjem boka ut hausten 2017, fortel Bjarne Langseth til Romsdals Budstikke.

– Kan du røpe litt om innhaldet i boka?

– Dette ei praktbok i stort format med mange gamle bilder og fotografi og 12 kapittel fordelt på meir enn 200 sider. Eg har studert alt eg har komme over av litteratur og andre skriftlege kjelder for å finne spor etter fortida på Aak: arkiv, gamle bøker, brev og andre gamle papir i skuffer og skap. Ei av dei største og mest overraskande av kjeldene som dukka opp då eg arbeidde med boka, var hundretals brev og dokument som bestefar min, Harald Gimnes, hadde tatt vare på frå sin tid som gardsbestyrar for dei engelske eigarane i perioden 1899 til 1926, seier Bjarne Langseth.

Landbruk og leikeplass.

Bjarne Langseth (f. 1949) er historikar, journalist, redaktør og forfattar med brei erfaring frå mange bransjar gjennom 50 år. Han har ein mastergrad i Kulturmøte frå Høgskulen i Volda om møter mellom «high class» og allmuen i Romsdalen i 1860 – 1926. Han er også utdanna faglitterær forfattar frå Høgskolen i Vestfold og Høgskolen i Oslo. Bjarne Langseth er fødd og oppvaksen på Åndalsnes, har bodd mange år i Finnmark og er no busett i Asker. Han er sjølvstendig næringsdrivande med enkeltpersonforetaket Bjarne Langseth Et skrivende menneske, og har tidlegare gitt ut fem faglitterære bøker.

Landbruksskuletida midt på 1800-talet la grunnlaget for den verksemnda som skulle kommer seinare. Turistar og andre reisande fekk nyte godt av høg standard på både kost og losji. Foto frå boka. Foto: L. SØDAHL, VEBLUNGSNES
Andreas Landmark hadde investert mykje i Aak gard. Verdien på garden var etter hans meining bortimot fordobla på fire år. Foto frå boka. Foto: FOTO: KNUD KNUDSEN / MARCUS SPESIALSAMLINGENE VED UNIVERSITETET I BERGEN
Boka om Aak kjem ut i stort format, på meir enn 200 sider og med mange historiske bilde. Foto: p