NESSET / TRONDHEIM: – Vi er no oppe i 45 høyringsuttalar, det er relativt sett svært mange. Og framleis ventar vi på nokre som har fått utvida frist, opplyser Siri Haug, rådgivar ved Industri- og havavdelinga i Miljødirektoratet.

Deponi 2

Høyringsrunden gjeld Bergmesteren Raudsand AS sin søknad om etablering av eit deponi 2 for ordinært avfall på Raudsand. Denne deponietableringa kjem i tillegg til verksemd Bergmesteren Raudsand AS er i gang med, og i tillegg til plan om nasjonalt deponi for farleg avfall, som bedrifta ønsker etablere i fjellhallar på Raudsand.

Deponi 2 er tenkt plassert oppe på fjellet i eit tidlegare dagbrot, der planen er massar lagt som dekke over sekkar/big-bags med møllestøv som ligg igjen etter tidlegare verksemd. Det meste av deponimassane vil vere forureina lausmassar frå bygg- og anleggsverksemd.

Søker unntak

Det vert søkt om unntak frå avfallsforskriftas krav om dobbel botntetting i deponiet, og vist til miljørisikovurdering som seier at risikoen er låg med prosjekterte tettetiltak som skal hindre diffus utlekking.

Negative

Med unnatak av Nesset kommune, er uttalane i hovudsak svært negative til deponiet.

– Dei aller fleste er absolutt negative, ja. Og det er stor variasjon, uttalane har mange ulike tilnærmingar, seier Haug.

– Kva vektlegg direktoratet i prosessen?

– Det er totalbildet som er viktig for oss. Alle sider skal med i vurderinga vi gjer opp mot forureiningslova. Alt skal grundig behandlast, seier Haug.

– Når er saka ferdigbehandla?

– Det er vanskeleg å seie. Generelt er saksbehandlingstida for større saker om lag ni månader. Dette er ei omfattande sak, men vi håper å få den ferdig til før jul, seier Haug.

– Harald Storvik i Bergmesteren Raudsand AS opplyste på eit folkemøte at direktoratet hadde bedd han om å søke om etablering av deponi for ordinært avfall, stemmer det?

– Om han vil etablere deponi, må han søke, ja. Men det er ikkje slik at han er oppmoda av oss om å søke, presiserer Haug.