Molde: – Vi vil ha eit godt nettverk, for å gi folk moglegheita til å ta overgangen, seier Stephen Oommen, miljørådgjevar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mens det allereie er ein hurtigladar i Molde, har fylket gitt tilsegn til ein på Batnfjordsøra, i Bud, og i Eidsvåg.

– Vi vil at alle skal ha ein hurtigladar innan fem mil, seier Oommen.

Fort gjort

Ein hurtigladar kan «fylle tanken» på ein elbil i løpet av ein halvtime, mens det tar eit par timar med ein vanleg ladar. Nokre gonger er likevel den vanlege ladaren det rette valet.

Her kan du lese mer om ladestasjoner og se ladekartet for elbiler.

– Eg ladar mest med den vanlege her, eller med ladaren heime, seier Kristian Due, mens han set bilen på lading ved ferjekaia i Molde.

– No skal eg på jobb, men det er ikkje alltid eg har tid til å lade så lenge, da brukar eg gjerne hurtigladaren. Det er fort gjort, eit kvarter så har eg det eg treng, seier Due.

Positivt overraska

Han har berre køyrt elbilen i ein månad, men allereie gjort seg nokre erfaringar.

– Det er overraskande god dekning. Eg hadde ikkje trudd det var så greitt å kome seg rundt, men med ein ladar i kvar by kjem ein seg relativt lett rundt, fortel han.

Familien Due har òg ein bil som går på fossilt brensel, men bruker gjerne elbilen også på lengre turar.

– Det er litt spennande å prøve å sjå kor langt ein kjem seg. Vi tok ein tur til Oppdal med tre ungar førre helg, og det gjekk heilt fint. Det er såpass tett med hurtigladarar at ein kan bevege seg rundt i fylket, seier familiefaren.

Ikkje berre grønt gras

Due er likevel ikkje heilt nøgd med moglegheitene.

– Det skulle definitivt vore fleire ladestasjonar, men det handlar meir om strategisk plassering enn berre mengda.

Kva synest du om prisen?

– Prisen er okei. Det kostar litt meir med hurtiglading, men det er greitt, seier Due.

Hurtigladestasjonar på nordvestlandet

Coop Extra Volda (CCS, CHAdeMO)

Coop Marked Hornindal (2x CCS, 2x ChadeMO)

Kulå Bowling, Valldal (CCS, CHAdeMO)

Bunnpris Sjøholt (2x CCS, 2x CHAdeMO)

Kataholmen, Vestnes (2x CCS, 2x CHAdeMO)

Coop Extra Sunndalsøra (CCS, CHAdeMO)

Valsøya Fjordcamping, Valsøyafjord (CCS, CHAdeMO)

Amfi Surnadal (CCS, 2x CHAdeMO)

Aspøya Fjordsenter (2x CCS, 2x CHAdeMO)

Smia restaurant, Kristiansund (CCS, CHAdeMO)

Åndalsnes Sentrum / Havnegata (CCS, CHAdeMO)

Rv57, Åndalsnes (CCS, CHAdeMO)

Vestlandske Auto, Moa (CHAdeMO)

Amfi Moa Nord (CCS, CHAdeMO)

Amfi Moa Øst (CCS, CHAdeMO)

Fergekaia, Molde (CCS, CHAdeMO)

Fjordsenteret, Geiranger (CCS, CHAdeMO)

Herøy kulturhus (CCS, CHAdeMO)

Aspøya (Tesla Supercharger)

Dombås (Tesla Supercharger)

Sandane (Tesla Supercharger)

Oversikt over eksisterande hurtigladestasjonar på Nordveslandet. Foto: ladestasjoner.no