Sosial data-speling på Gossen

Vil du køyre Kjerringsundbrua, eller vite korleis det er å gå inne i huset du ikkje har bygd? Legg inn ønske, så kan det bli til virtuell verkelegheit.

Første gang Teodor Midthaug-Vågøy (inst) og Joachim Rovde er eigentleg litt i yngste laget, men er erfarne på dataspel, og får kome inn og prøve VR-senteret sine fasilitetar for første gong. – Vi ser helst at dei som kjem er frå ungdomsskolealder og oppover, men har dei erfaring og det er rolig her, så går det greit, fortel dagleg leiar i Gossen VR, Tone Klev, som her forklarer rutinene til dei nye gjestane.   Foto: Gunn E. Aarønes

Det er kjekt at dei kan møtast, utveksle erfaringar og lære av kvarandre.

Data-entusiasten Tone Klev
Pluss +

På fleire hundre kvadratmeter, med leidningar, sensorar og skjermar i alle krikar og korkar, finn vi Gossen VR – fylket sitt einaste Virtual Reality-senter.

Vil gjere «gaming» sosialt

Idealist – Eg likar å vere litt i forkant teknologisk, og skal ein drive eit slikt senter, må det vere eksklusivt. I tillegg hjelper det veldig å vere entusiast, fortel Tone Klev.  Foto: Gunn E. Aarønes

På Aukrasanden har data-entusiasten Tone Klev leigd dei tidlegare lokala til Aukra Sikkerheitssenter/gamle Fiskerifagskolen.

Og sidan januar har ho invitert datainteresserte til å spele i lag og prøve ut virtuell verkelegheit.

– Eg skulle finne nye lokale til datasupport-firmaet mitt, og såg moglegheita til å gjennomføre noko eg alltid har drøymt om, nemleg å gjere «gaming» og dataspeling til noko sosialt. Lokala her på «gamle Fiskar’ n» var midt i blinken, fortel Klev.

– Eg har starta litt forsiktig, sidan eg ikkje veit korleis det blir med lokala framover. Eg leiger av kommunen, som har vore veldig behjelpeleg med å legge til rette slik at eg kan satse på dette, fortel Klev, som har eit håp om å få kjøpe lokala etter kvart.

Utstyret på VR-senteret er eksklusivt og har kosta entusiasten fleire hundre tusen kroner.

– Eg brukar det siste og nyaste. Var jo litt nervøs når andre skulle bruke det, men første ripa er verst. Eg ser at det er data-kyndige folk som kjem hit – dei har behandla utstyret fint, fortel Klev.

Populært

Sidan oppstarten i januar har over 200 personar vore innom VR-senteret.

Enn så lenge er senteret ope to kveldar i veka, onsdag og fredag, for alle frå ungdomsskolealder og oppover.

Men ein kan når som helst bestille opplegg, om det er venne-fest, bursdag eller bedriftsbesøk.

– Eg treng å vite kor mange som kjem, slik at vi kan hjelpe dei som treng det og tilpasse opplegga etter ønske, understrekar Tone Klev, som kursar og gir grunnleggande opplæring i bruk av utstyret til alle som kjem innom,.

– Så langt har vi hatt mest ungdom som likar å spele data her. Det er kjekt at dei kan møtast, utveksle erfaringar og lære av kvarandre. Men vi ønsker også at bedrifter skal sjå moglegheitene vi kan by på. Her kan vi legge til rette slik at ein kan gå inn i bygg og anlegg, køyre bruer og vegar og kjenne på dei praktiske konsekvensane av planer ein har. Alt vi treng er teikningar – dei fleste arkitektar jobbar tredimensjonalt no for tida. Desse teikningane kan vi legge inn i programma våre, og så kan ein vandre virtuelt og kjenne på dei praktiske løysingane. Tenk deg at ein skal bygge skole – då kan ein legge inn teikningane i VR-programmet, snakke med ekspertane medan ein er inne i VR og gjere endringar fortløpande. På denne måten kan ein spare uendeleg mykje papir, og alle faggrupper kan bli involvert.

Sentralt plassert

Tone Klev snakkar på innpust og utpust når ho skildrar moglegheitene for det eksklusive senteret sitt.

Men ho torer ikkje ta heilt av – enda.

– No må folk først prøve ut det vi har her i dag. Vi ligg jo så strategisk til, med gangavstand til ferja, at eg håper mange tek turen og prøver oss ut, fortel ho før ho inviterer journalisten på Ikea-besøk. I ei rute på 3 x 3 meter, med VR-briller på nasen og fjernkontrollar i hendene. Skummelt lettvint!

Går planken Sigurd Vestavik er ein av 9.klassingane som hjelper til når VR-senteret er ope. Her demonstrerer han korleis det er å gå VR-planken på toppen av ein skyskrapar. Teodor Midthaug- Vågøy og Joachim Rovde følger spent med.  Foto: Gunn E. Aarønes

Går planken Sigurd Vestavik er ein av 9.klassingane som hjelper til når VR-senteret er ope. Her demonstrerer han korleis det er å gå VR-planken på toppen av ein skyskrapar. Teodor Midthaug- Vågøy og Joachim Rovde følger spent med.  Foto: Gunn E. Aarønes

Idealist – Eg likar å vere litt i forkant teknologisk, og skal ein drive eit slikt senter, må det vere eksklusivt. I tillegg hjelper det veldig å vere entusiast, fortel Tone Klev.  Foto: Gunn E. Aarønes