Trass i heftige protestar frå folk med Skjegstad-namnet, står Statens kartverk fast på at det skal heite Skjeggstad.

Saka har no på nytt vore oppe i Vestnes formannskap. Formannskapet er stadnamnnemnd i Vestnes, og dei går samrøystes inn for at Skjegstad skal skrivast med ein g.

– Vestnes kommune viser til klagesaksutgreiing og gjeldande lovverk og ber om at lokal vilje blir tatt omsyn til, slik at skrivemåten blir fastsett til «Skjegstad», heiter det i vedtaket.

Saka vart sett på spissen då det nye skiltet ved bomstasjonen rundt Tresfjorden kom opp i fjor med skrivemåten Skjeggstad.

Ingen som bur eller stammar frå denne staden skriv namnet slik. Denne skrivemåten har heller ikkje vore brukt tidlegare, og det har komme mange reaksjonar.

Det har vore fleire kontroversielle namnesaker i Vestnes. Innbyggarane på Daugstad protesterte høglydt og gjekk i protesttog mot forslaget om å innføre skrivemåten «Daustad». Dette var ingen dau stad, var bodskapen frå bygdefolket. Dei vann fram, namnet vart som før.

Også i Eide har namnestriden vore lang og hard, der siste runde har gitt det litt spesielle resultatet Vasskor.