Fleirbrukshallen til 50 millionar kroner skal overleverast frå entreprenøren til Nesset kommune tysdag.

Journalisten kjem midt oppi innspurten. Litt tettingsmasse her, nokre rekkverk og tekniske installasjonar der stod att torsdag formiddag, seinare skulle det vaskast og ryddast, og så var alt klart for underskriving.

Gratis trening

Gladmeldinga til alle barn og unge i Nesset er at dei får bruke hallen heilt gratis.

– Vi har ikkje formelt vedtak på dette, men det har heile tida vore ei forståing i det politiske miljøet at vi skulle gjere det slik. Det er eg stolt av, seier Svensli og hugsar då hallplanane dukka opp på 80-talet.

– Vi gledde oss til sjøl å få sleppe til i ein ny hall. Men det gjekk 30 år – og no er det barnebarna våre som opplever det. Og – dei fortener verkeleg eit godt oppvekstmiljø, slår lokalpolitikaren fast.

Berre godord

Svensli har vore kommunen sin mann i prosjektet.

– Det har vore ein fryd å ha oppgåva. Berre godord å få. Alt har gått kjempebra frå a til å, i samarbeid med proffe fagfolk.

– Og økonomien?

– Vi har god kontroll. Hallen vil koste kommunen netto rundt 30 millionar kroner. Det svarar til to ungdommar berga frå skråplanet, seier han.

Opplæring

Innviinga skjer fredag 31. mars, etter ein periode med innkøyring og ikkje minst kursing av frivillige vaksne. Alle må ha opplæring til dømes i bruken av låsesystem og i branntryggleik. Kommunen satsar på å ha full drift etter påske.

Open hall og stor fest

Kulturleiar Turid Øverås tenker at det skal slåast på stortromma. Ho har ikkje alt klart enno, men kan love fest med kaker og program.

– Kulturlivet skal få vise seg fram. Folk kan kome og gjere seg kjent med bygget, og det blir program frå scena som skal riggast opp. Ordføraren og Oppvekst og kultur står for det opplegget, fortel Øverås.

Lettbedne folk

Ho skriv under på at entusiasmen er stor i dugnadsbygda Eidsvåg.

– Då vi skulle ordne med mat til opningsfesten, tok det berre ein halvtime å få avtale om 20 skuffekaker. Eg trur folk gler seg og er letta over at hallen endeleg er bygd. Dei har venta lenge på dette.

Idrettspark

Med hallen er området Holtan langt på veg blitt ein idrettspark. Her ligg ungdomsskulen, barnehagen, kunstgrasbanen og grasbanen til Eidsvåg idrettslag. Nytt kunstgras kom på plass i fjor og er alt tatt i bruk.

– Det er grunn til å rose idrettslaget for den store dugnadsinnsatsen som dei legg ned, seier Øverås.

Løft for idrett og kultur

Ordførar Rolf Jonas Hurlen (H) seier hallen vil gi eit fantastisk løft for lag og organisasjonar. Og ungdomsskulen vegg i vegg vil ha stor nytte av hallen, som ligg tett opptil den gamle gymsalen og svømmehallen.

For skulane i Eresfjord, Vistdal og Eikesdal ser kommuneleiinga for seg hallbruk same dagane som det er svømming.

Musikkhelg og store namn

Det er stor iver i kulturlivet etter å få sleppe til. Alt helga før innviinga blir det korpsseminar med Brazz Brothers og dei to musikklaga i kommunen.

– Vi får ein stor musikkfest i form av øvingshelg og konsert, og får testa hallen, seier ordførar Rolf Jonas Hurlen.

Han røper planar om store publikumsnamn i hallen i løpet av året, som Gardemusikken og Ole Ivars. Store arrangement er enklare å få til når ein har ei storstove i bakhanda om vêret skulle slå seg vrangt.