På hogget i energistyring

Korleis styre energien i skular og sjukeheimar meir effektivt? Molde gjer mange grep for å få det til, som her på Kviltorp skule.

Oppgradert og effektivt Her i kjellaren på Kviltorp skule er klimaanlegget bygd om og forbetra for meir effektiv gjenvinning av varme. Kontrollen med vifte og pumpe har blitt automatisk og trinnlaus. Her er teknisk inspektør Sveinung Vågen (t.v.) og ingeniør innan energi og sentral driftskontroll Kristian Hollingen i Molde eiendom.  Foto: Erik Birkeland

Pluss +

I kjellaren på Kviltorp skule viser Enøk-ansvarleg Kristian Hollingen i Molde eiendom fram det nyrenoverte klimaanlegget, saman med teknisk inspektør Sveinung Vågen. Anlegget er bygd om og oppgradert slik at ventilasjon og energibruk er blitt meir effektivt.