10-åringen Sebastian Marken Solheim er glad i både å snekkere og å konstruere nye ting. Det kom tydeleg fram både inne med alle legoane ut over stuegulvet og ute ved garasjen når vi besøkte han på laurdag.

Til dagleg bur Sebastian på Gossen der han går i 5B på Gossen barne- og ungdomsskule. Her har han sine kamerater i motsetning til Brunvoll der han er åleine i sin alder. Likevel er det på Harøya han liker seg best. Her bur pappa Arnt og ikkje minst farfar Arnfinn som hjelper til med Sebastian sine mange byggeprosjekt.

Det var på Gossen ideen om å bygge campingvogn kom. Med ei sirlig utført teikning la han planane om korleis den skulle sjå ut og korleis han ville bygge den. På Harøya er farfar Arnfinn plenklipparreperatør. I hans arbeid blir det gjerne ståande igjen deler som kunne kome til nytte.

Byggetid på vel eit år

Tålmodige hjelparar har vore pappa og farfar. Her er det uvanleg mange detaljer og tilpasningar som måtte til for å få prosjektet i hamn. Berre dei to lenestolane inne i vogna var det mykje arbeid med.

Stilig Mange detaljar på campingvogna. Foto: Svein Ove Søholt

Campingvogna er bygd av tre og treplater og satt opp på ein aksling og hjul frå ein traktorplenklippar. Deretter var det å finne ein gamal plentraktor som kunne trekke vogna. Sebastian er stillfaren og røper ikkje mange hemmelegheiter. Men det å få taket tett var ikkje lett, innrømmer han. Her måtte han trekke over plast og nytte seg av sikafleks – snekkarens trøst. No er vogna ganske tett smiler han.

Etter at vogna sto ferdig er han på campingturar nedetter sjøvegen. Vegen er fint klipt med fleire stikkvegar og rundkøyring. Nede ved sjøen kan han parkere vogna og ta seg ein liten flåtetur om han vil. No er flåten dratt på land og ligg i vinteropplag like ovanfor floamålet.

Du blir ikkje frista til lengre campingturar då, spør vi Sebastian. Jau, innrømmer han. I sommar køyrden han innover til Huse til farmor og farfar. Ein tur på cirka 4 kilometer. Då fulgte han den gamle Brunvollsvegen langs med vindmøllene. Dette er ein humpete grusveg som medførte at han punkterte to gongar, men fram kom han.

Nye prosjekt

Ein driftig kar som Sebastian stopper ikkje opp med sine planer. No er han alt ferdig med ei teikning der han vil forlenge campingvogna, slik at han får plass til ei seng og slikt.

Planskisse Planane er klare for korleis han tenkjer seg å forlenge campingvogna. Foto: Svein Ove Søholt

I tillegg kan han tenke seg å utvikle flåten der han kan få montert på ein påhengsmotor, men det var ikkje farfar Arnfinn heilt enig i. Eit familieråd må nok til før den planen blir realisert.

Det var tydeleg at dei såg opp til kvarandre alle tre, Sebastian, pappa og farfar. Derfor var ikkje svaret uventa når vi spurde kva han ville bli når han vart stor. Buss-sjåfør var svaret.

Inne i campingvogna er det retteleg koseleg. Foto: Svein Ove Søholt
Ingen tvil. Sebastian liker seg svært godt i snekkarboda på Brunvoll. Foto: Svein Ove Søholt