– Klart det smell når ein pågåande journalist tergar på seg ein gråstein. Eg vart fyrt opp og tenkte meg ikkje godt nok om i nokre sekund. Når eg uttalte meg så dumt så må eg regne med at det stormar rundt meg, seier ordførar Oddvar Myklebust (Ap).

Uheldig ordval

– Eg skulle sjølvsagt ikkje sagt at «eg drit i norsk lov». Men først ville eg gjere greie for forhandlingane og avtalen med dei politiske gruppene, slik at dei ikkje først fekk lese det i avisene. Det synest eg var mest heiderleg, meiner ordføraren.

Godt betalt

– Med to advokatar til stades vart vi eining om ein sluttavtale, med ønske om at den skulle haldast tilbake inntil vidare.

Rådmannen fekk ein sluttavtale med etterlønn i 18 månader. Verdt 1,3 millionar kroner, med månadleg utbetaling som lønn. Dette uavhengig av om ho får ny jobb. I tillegg kjem feriepengar, pensjonsinnbetaling og meir, samla kostar det kommunen rundt 1,8 millionar kroner.

– Synes du rådmannssaka er godt handtert?

– I Sandøy kommune fekk den ei grei og real handsaming. Men den vart ugrei i forhold til media. Vi burde handtert offentleggjeringa annleis, dei burde nok fått vite vedtaket tidlegare enn dei gjorde.

– Er det noko du ville gjort annleis?

– Ikkje ut over at det eg sa om forholdet til norsk lov sjølvsagt var dumt av meg. Eg har lært at ikkje alle journalistar opptrer like heiderlege. Får vurdere om eg heretter skal få alle spørsmål skriftleg.

– Vil ei så stor utbetaling gå ut over andre tenester?

– Nei, eg trur vi har pengar til dette. Men vi har store utfordringar framfor oss. Vi har ein liten organisasjon, tilsette har for mykje å gjere og vert oppbrukt.

– Kva er dei største utfordringane i året som kjem?

– Vi skal arbeid med å etablere ein ny kommune, der Sandøy vert ein del av nye Ålesund. Det vert krevjande.

– Vi har utfordringar med sjukeheimen. Ikkje berre at vi skal bygge ny, det er også vanskeleg å rekruttere sjukepleiarar. Vi ser kor sårbar ein liten kommune kan vere.

– Kva ser du mest fram til i 2017?

– Til oppstart på Nordøyvegen, at vi framleis skal ha ei god næringsutvikling. Og at vi skal klare å gje gode tenester til dei som bur i kommunen.

– Då er det kanskje trist å gje avkall på Ona, Orten og Sandøya?

– No får regjering og storting skal avgjere kva som skjer. Det har vore ei belastande sak, både for kommunen og dei som bur på øyane. Skulle dei gå til Aukra, ventar forhandlingar der også. Mellom anna må vi få kompensert for det som er lagt ned i infrastruktur.

– Du har tidlegare vore ordførar i fleire periodar, og gjorde comeback ved siste val. Angrar du?

– Nei, det gjer eg ikkje. Men eg ser at det er langt tøffare og meir krevjande å vere ordførar i dag. Det er ein vanvitig stor forskjell frå tidlegare. Og vi hadde langt betre økonomi, innrømmer ordføraren.

Romsdals Budstikke 31. desember 2016. Foto: Arkiv