– Det er berre å ringe kommunens servicekontor eller frivilligsentralen og gjere ein avtale, så ordnar det seg med lån av kano eller kajakk, seier Hogne Frydenlund, miljøvernleiar i Nesset kommune.

Klar til bruk

I det kommunale depotet ved Eidsvågleira ligg fire kanoar og åtte kajakkar stabla i nummererte stativ, og langs veggane heng nødvendig utstyr. Åre, vest og trekk er inkludert.

– Dette skal vere ei ordning alle kan nytte seg av, uansett bakgrunn. Utstyret her er del av kommunens utstyrspool. Den vart etablert for nokre år sidan, då kommunen fekk pengar til fattigdomsprosjektet for å utlikne sosiale skilnader.

For alle

– Ikkje alle har høve til å investere i slikt utstyr sjølve, så då kan dei låne her. Men det vi har er for alle. Så lenge det er ledig, er det berre å bruke, uansett bakgrunn eller samfunnslag, seier Frydenlund.

Den som vil låne, får oppgitt kode til døra på depotet, og kode for å låse ut utstyret som det er gjort avtale om.

– God kvalitet

– Det fungerer kjempebra, seier Trym Kjøs, som studerer i Trondheim og er heime i Eidsvåg på ferie. Han lånte nyleg kajakk og padla på fjorden.

– Ordninga er flott, og utstyret er av god kvalitet, veldig bra! Dette kan eg absolutt anbefale, seier Trym Kjøs.

Første gong

Også Janne Odden er fornøgd brukar av ordninga.

– Eg lånte kajakk og prøvde meg for første gong no i helga. Enkelt og greitt med bestilling og henting, så var det utpå saman med turfølget som har kajakk sjølv. Eg lånte kajakken i tre dagar, så vi kunne ta ulike turar. Første dagen var vi utover mot Rød, det er 4–5 kilometer. Andre dagen var vi utpå fjorden, og tredje dag var vi ute med ein annan familie med to vaksne og to barn. Også dei hadde lånekajakkar. Heilt topp ordning. Frå kajakk ser ein naturen frå eit anna perspektiv, dette freistar absolutt til gjentaking, seier Janne Odden.

Teste ut

– Ein fin ting med ordninga er at folk kan prøve ut denne måten å vere på sjøen, og sjekke om dette er noko for dei. Sidan her også er doble kajakkar og barnekajakkar, er dette fint å prøve også for barnefamiliar, seier Hogne Frydenlund.

Utan problem

– Vi har hatt berre positive erfaringar med utlånsordning for alle. Folk må jo rydde etter seg og ordne opp, men det har gått veldig greitt. Med kodelås på dør og utstyr, er det tilgjengeleg berre for dei som har gjort avtale, det fungerer fint, seier Frydenlund.

Enkelt å sette kajakken ut frå rampen. Foto: Anita Vingen
Den som har avtalt lån av utstyr, låser seg inn og hentar utstyr med koden gitt av sørviskontoret. Foto: Antia Vingen
Janne Odden med kajakkdebut sist helg. Foto: Privat