– Vi kjem oss vel til Gussiås! blir Magni Hole og fysioterpeut Michael Deutrich samde om.

Gussiås er denne gongen Stikk Ut-posten på gjerdet rundt sjukeheimen i Eidsvåg, og denne dagen akkurat ein passe etappe frå utgangsdøra på sjukeheimen.

– Gjer godt

– Det gjer så godt å komme seg ut ein tur, seier Magni  Hole, ho støttar seg til fysioterapetuen og til stokken. Magni og Michael ruslar roleg ned bakken og fram til Stikk Ut-kassa, og kan fornøgd sette signatur i boka.

Lokale bygder

«Gussiås» er del av ei eiga, tilrettelagt Stikk Ut-løype i nærområdet ved Nesset sjukeheim. Ti postar har kvar fått namn etter bygder i kommunen, med grøn kasse og bøker på vanleg Stikk Ut-vis. Det er kort mellom «bygdene»  i denne løypa, så flest muleg skal komme seg fram, også med rullator eller rullestol. Ved fleire postar er det benk og bord for ein liten kvil.

Tilgjengeleg

Det er gjerne ikkje lange stykket til Stikk Ut-kassa, men desto kjekkare å kunne skrive seg inn i boka for den som er litt skral til beins.

– Dei fleste kan klare å komme seg fram til ein eller fleire postar. Da vert ein stolt og fornøgd, kan skrive seg inn og fortelle at i dag var ein  ein tur til Gussiås, Eikesdal eller Bugge. Det er veldig positivt, seier folkehelsekoordinator Mari Husan.

– Viktig

Ein liten tur kan nemleg også vere ein viktig tur, poengterer ho og fysioterpeut ved sjukeheimen, Michael Deutrich.

– Ein spasertur er med å halde  kroppen i gang og vedlikehalde muskulaturen. Det er viktig at dei som bur på sjukeheimen kan halde seg mest muleg mobile og i form til å klare mest muleg sjølv, som til dømes å reise seg opp, gå til bordet sjølv – i det heile halde motorikken ved like, seier fysioterpeut Michael Deutrich.

Aktivitet

Han har fast aktivitetstid med Magni og dei andre bebuarane to gonger i veka. Frå gong til gong vert det så avgjort kva som kjem på programmet, etter korleis dei kjenner seg, kva dei har behov for, og korleis veret er. Ofte vert det ein Stikk Ut-tur til ei bygd i spesialløypa, som både er triveleg medan ein er ute, og som hjelper til at dei eldre betre klarer å forflytte seg ellers i kvardagen.

– Kjekt

Også dement-avdelinga ved sjukeheimen bruker postane flittig. Etter turen opp bakken til «Bugge», er det fint med ein pause på benken.

– Det er så fint tilrettelagt, veldig kjekt å komme hit, seier Kari Husby (86). Og skriv seg inn i boka.

Samarbeid

– Løypa vart opna i fjor, og er teke godt i mot, fortel Mari Husan.

Det var Kirsti Heggset Ranvik i helse- og omsorgstenesta i Nesset som først kom med ideen.

– Vi såg at mange av dei eldre på sjukeheimen sat mykje i ro, og sat mykje inne. Tanken var at det ville vere fint å få dei eldre meir i aktivitet, seier Heggset Ranvik.

Løypa, som vert kalla Stikk -Ut NOS, vart eit samarbeidsprosjekt mellom tilsette ved Nesset omsorgssenter, Nesset kommune helse og omsorg / folkehelse, og Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal.