Arbeidarpartiet og Senterpartiet fann kvarandre i eit felles forslag, som i realiteten betyr at Nesset held fram som eigen kommune om det vinn fram:

«Med bakgrunn i gjennomførte utredninger, tidligere kommunestyrevedtak og folkeavstemming er Nesset kommune sin 1.-prioritet å slå seg sammen med Sunndal kommune.

Siden Sunndal kommune i folkeavstemming sa nei til sammenslåing, er Nesset kommune sin 2.-prioritet å holde fram som egen kommune.»

Mindretalet Rolf Jonas Hurlen (H) og Svein Atle Roset (KrF) stemte for rådmannen sitt framlegg om å bygge ein ny kommune saman med Molde, der Nesset ønskjer at flest mulig av dei omliggande kommunane er med.

Spennande i jonsok

Av dei 21 plassane i kommunestyret har Ap og Sp til saman 10 plassar (7+3) og mindretal. Resten er fordelt slik: H 6, KrF 2, Frp 1, Innbyggerlista 1 og Jan Rindli uavhengig.

Her kan også kome vararepresentantar inn som får det til å bikke den eine eller andre vegen.

Nesset skal truleg ha sitt møte tidleg på dagen for å bli ferdig til jonsokfeiring.

– Molde kvardagsregion

Svein A Roset (KrF) gjorde greie for si gruppe: – I KrF ser vi to alternativ, saman med Molde pluss andre og Nesset som eigen kommune.

Roseth siterte eit innlegg av ein ung arkitekt i Romsdals Budstikke nyleg. Ut frå det la han vekt på effekten sjukehuset på Hjelset vil ha.

– Det som skjer der, vil gjere at Nesset og Molde som kvardagsregion vil gro meir saman, sa han.

KrF vil oppfordre fellesnemnda til å sjå på politisk organisering og næringsutvikling. Dei ønskjer å invitere Molde og Romsdalsmuseet til å utvikle Nesset prestegard.

Roset tok også opp spørsmålet om eit kommunedelsutval, eit slags underkommunestyre, i tilfelle samanslåing med Molde. Han meinte Nesset burde prøve å spele dette inn mot fellesnemnda.

«Fall i fisk»

Toril Melheim Strand (Ap) grunngav Ap sitt framlegg: – Reforma ser ut til å falle i fisk over heile landet. Vi merkar oss at Ålesund og Kristiansund ikkje blir større. Og Molde har vel nesten berre oss igjen. Alternativet fall i fisk då Gjemnes sa nei. Fleirtalet i Nesset vil ikkje til Molde. Det kjem nye rundar, utan tvil. Vi er ikkje budde på å gå inn i eit samarbeid no. Det vi stemte over i kommunestyret 18. februar, eksisterer ikkje lenger.

Ordførar Rolf Jonas Hurlen (H) peika på at den som vil stå åleine må ha to alternativ, slik Fylkesmannen på nessetbesøk understreka.

– Vanskeleg innstilling

Kari Petrine Fitje Øverås (Sp) syntest det var vanskeleg å forhalde seg til rådmannen si innstilling.

– Kravet frå kommunestyret er at tre landkommunar må gå saman med Molde i tillegg til Nesset. No ser eg at ingen vil. På medlemsmøtet i Senterpartiet kom det kritikk på at Nesset var for treg med å forhandle med Molde, vi burde vore før Midsund. Men no ser vi i media at også folket i Midsund seier nei. Eg opplever at, folk i Norge seier at vi ikkje er klar for omlegging av kommunelandskapet. Eg synest det er vanskeleg å gå vidare på denne innstillinga.

– Kan ikkje sjå på andre

Rolf Jonas Hurlen (H) var oppe med ein liten peikefinger: – Vi kan ikkje legge til grunn andre sine folkeavstemmingar. Vi veit ikkje kva dei andre kommunane gjer før kommunestyret har sagt sitt. Vi må legge til grunn vår eiga avstemming.

Anders Torvik (Ap): -– Vi har vedtatt i kommunestyret at vi skal ha med fire kommunar for å gå i moldesamarbeid. Vi må i tilfelle gjere om det vedtaket.

May Tove Bye Aarstad (Ap) sa ho oppfatta at det berre var eitt alternativ frå starten av prosessen.

– Etter kvart har vi sett kva veg reforma tar landet over. Eg vil vere lojal mot det kommunestyret har vedtatt, som er tre landkommunar pluss Nesset i ein storkommune.

Vedtaket 18. februar

Det kom så ein debatt om kva kommunestyret eigentleg vedtok 18. februar 2016. Ifølgje rådmann Liv Fleischer Husby står det ingenting i møteprotokollen om kor mange landkommunar som skal vere med i tillegg til Nesset. I staden finn ein dette i eit forhandlingsinnspel som ligg ved. Kommunestyret sitt vedtak var ei rettesnor til forhandlingsutvalet, opplyste ho.

– Men forståinga er slik blant politikarane, blei det vist til.

– Ja men det er sanneleg mykje anna òg som står i innspela, og som ikkje er følgt opp, svara rådmannen.

Kommunestyret sitt vedtak 18. februar er slik: «Forhandlingsutvalget tar med følgende vedtak fra Nesset kommunestyre inn i de videre forhandlinger med Sunndal og Romsdalskommunene om ny kommunestruktur:

Nesset kommune deltar i to parallelle forhandlinger om intensjonsavtaler. En med Sunndal og den andre om en størst mulig Romsdalskommune. (…).»

Stygt på sosiale media

Melheim Strand sa at det for tida er mykje stygt å finne på sosiale media om kommunesamanslåing. Folk er stygge mot kvarandre, kunne ho fortelje.

Svein Atle Roset greip ordet: – Det ligg eit stort ansvar på oss i formannskapet å snakke opp kommunen. I alle fall skal vi ikkje rakke ned på nokon i denne prosessen!