Fredag formiddag var 17 av 92 leilegheiter i det komande Brunvollkvartalet selde – på slutten av dagen var talet 25.

Respons

– Responsen har vore god, vi er veldig godt fornøgd, seier eigedomsmeklar Kristine Gautvik-Dahl i EiendomsMegler 1 Molde til Romsdals Budstikke.

Bustadene varierer frå 178 til 37 kvadratmeter, i pris er spennet frå om lag 9 til knappe 2 mill.  kroner.

Største først. Det er store leilegheiter på toppen av B-bygget, samt C- og D-blokka som har gått svært raskt unna. Også alle treroms framme på B-blokka er selde, opplyser Gautvik-Dahl.

– Dei dyraste leilegheitene gjekk først. Kjøparane er i «vaksen kjøpargruppe», dei kjappaste er vel dei yngste i denne gruppa, medan pensjonistane vil ha litt meir tid til å tenke seg om, seier Gautvik-Dahl.

Variasjon

Ho poengterer at både kjøparar og leilegheiter er ulike, og at prosjektet har ein stor variasjon både når det gjeld storleik og pris.

– Folk vektlegg ulike kvalitetar. Sjølv om ikkje alle leilegheitene har fritt utsyn i alle retningar, så er blokkene plasserte slik at dei fleste har fin utsikt til deler av panoramaet, seier Gautvik-Dahl.

Bodrundar

Utbygginga og leilegheitene vart presenterte på informasjonsmøte måndag 9. mai, salet starta tysdag.

– Det er alltid vanskeleg å vite kor raskt ein kjem i gang med signering. Denne gongen var det litt ekstra spennande sidan det var bodrundar på ein del av leilegheitene, dette er ikkje så vanleg når det gjeld nybygg, seier Gautvik-Dahl. Ho fortel at det siste dagane har vore hektisk med bodrundane. No er dette unnagjort, resten av bustadane i prosjektet har faste prisar.

Har kjøpt

– Eg har kjøpt ei av toppleilegheitene til om lag 8 millionar kroner, stadfester ein kjøpar som ikkje vil ha namnet sitt i avisa. Han er nesten forundra over at prisen «berre» gjekk opp med 115.000 kroner i bodrunden.

– Eg hadde forventa at det skulle gå opp meir, seier han, og vektlegg at han ser på kjøpet som ei investering. Han vil no vurdere om han skal flytte inn, leige ut eller selje vidare, seier mannen.

Indrefilet

– Dette er indrefileten av Molde, med fantastisk plassering – eit nydeleg prosjekt! seier mannen. Han poengterer at han set stor pris på utsikta og nærleiken til sjøen, og at det vil bli strålande å sette seg på den store terrassen med eit glas vin og nyte båtlivet på fjorden.

– Det handlar også om fasar i livet – eg er ikkje lenger like ivrig etter å slå plen og male hus, det appellerer meir med snøfri tilkomst og heis til toppleilegheita, seier han.