Sjukehuset Nordmøre og Romsdal:

Inngår elektro-kontrakter for 500 mill. kr - desse signerte

Fersk signering: Bravida Norge får to nye kontraktar i SNR-prosjektet, til samla verdi på over 500 millionar kroner.

Signering: Tore Bakke, administrerande direktør i Bravida Norge, Øyvind Bakke, adm. direktør i Helse Møre og Romsdal, og Heidi Nilsen, leiar i prosjektstyret for SNR.  Foto: Helse Møre og Romsdal

Næringsliv

Tysdag 21. desember signerte Helse Møre og Romsdal og Bravida kontraktane for elektro og elektronisk sikringsanlegg for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Dermed er den 18. kontrakten og 80 prosent av entreprisekontraktane signert, noko som gir eit solid grunnlag for det vidare arbeidet. Det skriv helseforetaket i ei pressemelding.