Oppdrettsgründer er skuffa over nei frå Statsforvaltaren

Hauge Aqua får ikkje dispensasjon til å drive oppdrett Drageneset/Korsvika i Vestnes kommune. Det trass i at planutvalet i kommunen fleire gonger har sagt ja.

Ny produksjonsform: Etter at Hauge Aqua sin laks har vorte ein kilo inne i «Egget» (bildet), skal den etter planen setjast ut i opne merder, med såkalla luseskjørt som skal beskytte mot lakselus.   Foto: BAKGRUNN: HAUGE AQUA. INNFELT: HALFDAN HALLSETH / FJORD PRODUCTIONS

Næringsliv

(Smp:) Hauge Aqua satsar på innovativt oppdrett, blant anna med eit system der laksen skal stå i eit lukka anlegg til den er ein kilo. Selskapet fekk i 2017 såkalla mørkegrøn konsesjon. Desse løyva har som formål å redusere rømming av oppdrettsfisk og spreiing av lakselus.