– Ein god match for oss!

Ny eigar av Kraft Laks planlegg utviding

– Ein god match for oss! Det seier administrerande direktør i Salmon Evolution, Håkon Andre Berg, som har kjøpt settefiskanlegget Kraft Laks i Volda.

KJØPAR: Håkon Andre Berg, administrerande direktør i Salmon Evolution, selskapet som har kjøpt Kraft Laks.   Foto: Rigmor Sjaastad Hagen

Næringsliv

(Møre-Nytt) Salmon Evolution byggjer eit stort landbasert oppdrettsanlegg på Indre Harøy i Hustadvika kommune, som fullt utbygd har ein produksjonskapasitet på 31.500 tonn laks i året.