No får Molde eit nytt drosjeselskap

Molde Minibuss og Indergård Taxi slår seg saman – dannar Swift Taxi AS

Fredag 16. juli starta Swift offisielt drifta. No kan du sjå dei særeigne taxiane i byen.

Gjengen: Dette er karane bak Swift Taxi AS. Frå venstre: Erik Kjærnsmo, Pål Arve Indergård, Per Kåre Stavik, Tore Brunvold.  Foto: Bjørn Brunvoll

Næringsliv

Swift Taxi er eit heilt ferskt taxiselskap i Molde. Selskapet er ei samanslåing av Molde Minibuss og Indergård Taxi. Det er stifta av fire karar med bakgrunn i taxibransja: Per Kåre Stavik, Tore Brunvold, Erik Kjærnsmo og Pål Arve Indergård.