Langt færre har søkt om sommarjobb på Glomstua i år – utvidar fristen

Verken fungerande leiar Marie Grannes eller sommarvikarane Helene Melsæther og Mathea Bekken Sandøy forstår laber søking.

Sommarkabal: Fungerande leiar Marie Grannes ved Glomstua omsorgssenter (midten) er glad for at det har kome til fleire vikarar etter først oppsett frist. Helene Melsæther (t.v.) og Mathea Bekken Sandøy bestemte seg tidleg, og trivest godt.  Foto: Anita Vingen

Næringsliv

– Vi var overraska og bekymra da den ordinære søknadsfristen gikk ut. Det trengst ein god del folk for å få vaktlistene våre til å gå opp, og i år var behovet litt ekstra stort, vi hadde behov for om lag 80. Heldigvis ser det ut til å rette seg, men vi tek framleis gjerne imot fleire som er interesserte i sommarjobb. Det seier Marie Grannes, sjukepleiefagleg leiar og no i ferien fungerande leiar ved Glomstua omsorgssenter i Molde.