Fleire med meg angrar, seier Langset:

– Det vart feil med samanslåing

– Eg angrar framleis på at eg støtta at Nesset skulle slå seg saman med Molde og Midsund.

ANGRAR: – Eg angrar på at eg støtta at Nesset skulle bli ein del av nye Molde kommune, seier bedriftseigar Odd Arne Langset.   Foto: Arkiv

Næringsliv

(Driva:) I eit intervju i Romsdals Budstikke i juli i fjor kravde bedriftseigar og høgrepolitikar Odd Arne Langset skilsmisse frå nye Molde kommune. Kravet kom etter eit halvt år i den nye kommunen.