Vil rekke julehandelen: Bygger ny lokalbutikk

– Vi må ha eit nytt dugnadsprosjekt her på Åfarnes. Vi har gått tom for oppdrag.

Nybygg: Slik kan de nye butikken på Åfarnes kome til å bli sjåande ut.   Foto: PROESS VED SVEIN OLAF STENSLAND

Næringsliv

Det er ein spøkefull Jo-Andre Herje som startar på denne måten når det no er klart for at det blir heilt ny daglegvarhandel på Åfarnes. Det er kjøpt hus og planane er klare for heilt ny butikk, litt etter modell frå Joker i Eidsbygda. Bak dette står ei aktiv ressursgruppe og mange andre frå bygda. Og det nystarta arbeidet peikar fram mot ein butikk med grunnflate på 550 kvadratmeter, der det gamle og nedlagde post- og bankbygget ligg ved hovudvegen i sentrum av bygda.