Opna aktivitetspark for heile familien på Digerneset

Midt i koronatida opna det siste tilskotet på Digerneset, ein aktivitetspark på meir enn 3.000 kvadratmeter for heile familien.

For alle aldrar: Ifølgje parkleiar Cecilie Lund og dagleg leiar David Andersen i Epic Aktivitetspark så er ikkje aktivitetsparken berre for barn.   Foto: Nils Harald Ånstad, Sunnmørsposten

Næringsliv

(Smp) – Aktivitetsparken har vore planlagd i fleire år. Sjølv har eg vore rundt på meir enn 20 parkar, også i utlandet, og lært. Vi har tatt det beste frå dei parkane hit, og så har vi tatt bort det vi har sett at ikkje har fungert. Vi måtte berre halde fram med planane sjølv om timinga ikkje blei heilt ideell med tanke på koronaen, seier dagleg leiar og eigar av Epic AktivPark, David Andersen.