Alt er megastort når laksen går i land

På Indre Harøya skjer det! Mot slutten av 2022 slaktar Salmon Evolution AS den første landproduserte laksen. Omtrent samtidig skal første byggetrinn av anlegget med 12 store oppdrettstankar, stå ferdig. Det er ikkje lenge til.

I rute: : Prosjektdirektør Kamilla Mordal Holo og anleggsleiar Odd Krogseter i ACO Anlegg AS har godt utsyn til den enorme anleggsplassen frå det som er att av opprinneleg terreng på Indre Harøy. Alle foto: Oddbjørn Harnes 

Næringsliv

Ein utanforståande på besøk blir slått av tempoet i alt som skjer på øya - og dimensjonane, som er i megaklassen. Det merkast når 1,3 milliardar kroner skal omsettast til byggverk på kort tid.