Silseth Naas er frå Eide, men arbeider til dagleg som journalist i Åndalsnes Avis. Ho gler seg til å ta fatt på oppgåva.

– Eg har vore klubbleiar sidan eg starta som journalist, og hatt ulike verv i fleire styre. Men, dette blir mi første rolle som styreleiar. Eg er spent på kva som ventar, men veit at eg kjem til å ha eit veldig godt og bra styre i ryggen, seier Katrine Silseth Naas i ei pressemelding.

Silseth Naas tek over etter Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Vikebladet Vestposten-journalist har hatt vervet sidan 2017.

DELAR AV STYRET: Desse frå det nye styret var på plass under årsmøtet på Clarion Hotel Bergen Airport. Frå venstre ser ein Inger Johanne Ruset (Sunnmørsposten), Even Ørjasæter (Nyss), Marius André Jenssen Stenberg (NRK Møre og Romsdal), Lisa Botterli Flostrand (Tidens Krav), Ingrid Stokke (NJ Høgskulen i Volda) og Roar Strøm (NRK Møre og Romsdal). Foto: NJMR/privat

Nye i styret

Lokallaget har også fått ny økonomiansvarleg i Even Ørjasæter (Nyss). Lisa Botterli Flostrand (Tidens Krav) og Inger Johanne Ruset (Sunnmørsposten) blei valt inn som nye styremedlemmer. Marius André Jenssen Stenberg (NRK Møre og Romsdal) var ikkje på val.

Ingrid Stokke møter som fast vara for studentane ved Høgskulen i Volda. Andre vararepresentantar til styret er Sigrun Lossius Meisingset (Romsdals Budstikke), Geir Forbregd (Driva), Roar Strøm (NRK Møre og Romsdal) og Anita Vingen (Romsdals Budstikke).

Valet fann stad under årsmøtet til NJMR på Flesland i Bergen fredag i samband med den årlege journalistkonferansen Hauststormen.