Dugnaden har halde på i 8–9 år. Steikinga og miljøet på handelslaget er så innarbeidd at det kjem ikkje føre dei at dette er noko spesielt.

Steiker på turnus

Laurdagen den 19. mai var det Ingrid Sandøy som hadde ansvaret for dugnaden. Røra blir tillaga heime og slått over i tomme mjølkekartongar. Steikinga går føre seg i eit siderom til butikken. Her blir også kaffien traktert og på eit eige bord står det skåler med forskjellige heimelaga sylte frå hagen til Ingrid. Kaffi og vaffellukta snik seg inn i butikken og omsettinga aukar på etter kvart som kundane kjem innom for laurdagshandelen.

Denne våren er det sju damer som er oppført på turnuslista, slik at det er ikkje blir så stor ei byrde, seier Ingrid. Ein vanleg laurdag kjem salet opp i kring 1000 kroner. På Sandøya i dag er det 35 fastbuande, men når feriefolket kjem aukar omsettinga. Og alt går til handelslaget? Ja, alt saman blir gitt som gåve. I året gir dugnaden om lag 70.000 netto til butikken. Det skal mykje sal av daglegvarer for å sitte att med ein netto på den storleiken, fastslår ho.

Artikkelen fortsetter under bildet.

SANDØY HANDELSLAG: Desse får representere Sandøy handelslag denne laurdagen. Frå venstre vaffeldame Erna Sandøy, styreleiar John Harry Sandøy og vaffeldamene Mariann Sandøy og Ingrid Sandøy. Mariann har vore butikktilsett i 19 år, fortalde ho. Foto: Svein Ove Søholt

Vi som bur her på Sandøya er heilt avhengig av at butikken er i drift. Derfor er eigentleg dugnaden ein dugnad for oss sjølve, og vipper ut 2 gyllenbrune vaffelplater frå jarnet.

Heilt marginal butikkdrift.

Vi tilkallar styreleiaren for butikken, John Harry Sandøy for å få meir informasjon. Han dukkar opp like etter og kjøper seg straks ein kopp kaffi og ei vaffelplate.

– Vaffelsteikarane er heilt fantastiske og heilt nødvendige for å halde butikken i drift. Eigentleg fortener dei ein pris alle saman, seier han.

Sandøy Handelslag er tilknytt «Nærbutikken» og har ei årleg omsetting på omlag 1,2 millionar kroner.

– I 2016 gjekk vi på eit underskot på kr 90.000,- på grunn av spesielle hendingar med inventaret, men på det jamne får vi balanse i rekneskapen, mykje takka vere vaffelsteikarane, fortel Sandøy.

Artikkelen fortsetter under bildet.

YNGST: Den yngste kaffisteikaren på turnuslista er Linn Mari Knobelauch. Her saman med Ingrid Sandøy. Foto: Svein Ove Søholt

Tatt grep

– Etter smellen i 2016 har vi tatt visse grep med å utvide varespekteret for å auke omsettinga. I tillegg har vi fått ordna til ein uteplass som spesielt feriefolket, men også fastbuande gjer seg nytte av. Uteplassen har vi fått i gåve til liks med ei softismaskin, seier han. I tillegg til vaffelgåva får dei også årlege statstilskot.

Til dagleg er det Tove Mari Knobelauch som er tilsett som butikksjef, men i butikken denne laurdagen var det Gunnfrid Sandøy som sto bak disken. Ho er tilkallingshjelp om noko skjer, fortel ho, som for eksempel sjukdom eller anna som måtte inntreffe.

Sandøy handelslag er no inne i sitt 99. år og må og skal behaldast, var alle einige om i vaffelkråa.