Etter 224 år meinte dei alle at tida no var inne for å takke både Rundelosane for godt sjømannskap og dei på Harøya som måtte ha vore med på å ha hjelpt til for å berge livet til dei veldig slitne og forfrosne sjøfolka. Utan dette gode sjømannskapet ville ingen av dei ha vore her i dag.

Sagnet om «Marchaden»

Innan familien har dette sagnet versert på ulikt vis. Mellom anna at Marchaden skulle ha forlist ved Harøya, mange hadde mist livet, men på mirakuløst vis hadde far og son Jervell berga livet før dei tok seg inn til Molde.

I nyare undersøkingar som Sverre Jervell og andre familiemedlemmer har gjort, har dei funne fram til tingrettsdokumentet frå Molde Tingrett av 30. desember 1794. I dette dokumentet er skipsloggen gjengitt dag for dag då Marchaden skulle frakte ein last eikeplanker frå Hamburg til Gøteborg, om den voldsomme stormen skipet vart utsett for, og korleis dei vart ført ut i Nordsjøen og opp langs norskekysten.

Etter dette har sagnet og historia tatt ei ny vending der verklegheita har vorte avdekt.

Frå Finland

Jervell-familien fekk eit godt fotfeste i både Molde og Ålesund. Det er godt dokumentert korleis den kanskje største seglskipsreiaren frå Oulu i Finland etablerte seg i Molde. Sonen Johan vart godt gift med den 20 år eldre enkja Anna Lisa Koren. Seinare kom også søskena Jacob, Walborg og Anna Cecilie over til Molde og etablerte seg på ulikt vis.

Bacalao

Denne helga kom det 19 familiemedlemmene frå Jervell-slekta først til Ålesund på torsdag der dei fekk besøke signalbygget «Jervell-sjøbuda» (Oluf Sundt-buda), Jervell-huset aust for Borgundgavlen og andre stader som er tilknytt familienamnet i Ålesund. Det var veldig stort og spesielt for dei frå Porto i Portugal, fekk vi fortalt, då dei fekk servert bacalao frå byen der sjølvaste backalaoen kjem frå. Det hadde dei ingen aning om.

Høgtidleg samankomst

På fredag var det altså Harøya sin tur for å sjå på staden der Marchaden mest sannsynleg ankra opp etter den ville ferda langs norskekysten. Harøya var hovedmålet for turen.

På ein høgtidleg samankomst på Finnøy havstuer hadde reisefølget med ei minneplate / informasjonstavle som vart overlevert Sandøy kommune ved formannskapsmedlem Espen Myklebust. Her fekk eldstemann i reisefølget, Jerry Jervell, USA høve til å takke både Rundelosane for godt sjømannskap, og folket i Sandøy kommune.

Minneplate

– For oss i Sandøy kommune er dette ei spesiell og dramatisk historie som ikkje har vore kjent her ute. No, med denne minneplata, vil vi gjere vårt med på å bringe den vidare, sa Espen Myklebust.

Han lovde på kommunen sine vegne at minneplata skulle få ein verdig og godt synleg plass ved kommunesenteret, som for øvrig ikkje er langt frå Harnes der Marchaden truleg ankra opp for 224 år sidan. Så om nokon kjem tilbake eller andre av Jervell-familien vil ta turen utover til Harøya, er alle hjartleg velkomne.

Formidla historia

På turen til Harøya saman med Jervell-familien deltok også statslos Lars Ivar Røsok, opprinneleg frå Harøya, og tidlegare museumsstyrar Ole M. Ellevsen ved Ålesund Museum. I tillegg til å vere guide over Harøya og Finnøya formidla Røsok også på ein svært realistisk måte om korleis den ville ferda med Marchaden måtte ha foregått opp langs Vestlandskysten, dag for dag.

Om Marchaden sin drift tilsvarande havstraumen på cirka 1,7 knop, om vèr og vindar som oppstår ut frå topografiske landformasjonar. Og ikkje minst den mørke årstida. Ein må hugse at det ikkje var lys langs kysten på denne tida. Først då båten kom på høgde med Runde fekk dei lys av land. Likeså vurderte han Rundelosane sin innsats og kva sjømannskap som måtte ha vorte utført av dei og av mannskapet ombord i «Marchaden».

Gjorde inntrykk

Foredraget gjorde inntrykk! Oppfølgingsspørsmåla var mange. Det var først no det gjekk opp for dei fleste kor dramatisk denne ferda måtte ha vore. Her var dei alle ved ei nesten-grav. Ja, det var all grunn for å «tacka livet».

I sitt innlegg reflekterte Ole M. Ellevsen om kvifor denne historia med «Marchaden» har vore så lite kjend. Han samanlikna denne ferda med det hollandske handelsskipet «Akerendam» som forliste ved Runde med heile sitt mannskap og med sine enorme mengder med sølv- og gullmyntar i 1725.

Konklusjonen var at dette var kvardagen til losane langs kysten. Når alt går bra, båt og mannskap blir redda, ja, så ender historia der og då.

Til Molde og Fræna

Etter samankomsten på Finnøya gjekk turen vidare til Molde. På programmet laurdag stod byvandring med Ola Gjendem som fortalde om Jervell- / Gørvell-slekta. Videre var det avtalt og tur til Myrbostad kyrkje i Fræna med foredrag av Edvard Hoem om presten Joseph Jervell sitt arbeide ved kyrkjelyden (denne Joseph var barnebarn til Joseph som var med på den dramatiske turen med «Marchaden»). Den delen av slekta som har etablert seg i Porto i Portugal nedstammar frå denne presten.