(Sunnmørsposten): Det seier ordførar Oddvar Myklebust i Sandøy som har vore tydeleg i sitt ynskje om at folket på Ona, Orten og Sandøya skal bli med inn i den nye Ålesund kommune. Kommunestyret i Sandøy og fellesnemnda for nye Ålesund har også med stort fleirtal gått imot grensejusteringa.

Brev til folket

«Skal vi skiljast?» skreiv ordføraren i eit brev han sende til alle innbyggjarane i Sandøy kommune i vinter. Der lista han opp argumenta sine mot grensejusteringa, men streka under at Sandøy i framtida også vil ha kulturell og historisk tilknyting til Romsdal.

– Våre tilsette vil bli ein del av eit større fagmiljø enn det Aukra kan tilby. Spesialiserte tenester vil vere tilgjengelege, og dei kommunale tenestene og arbeidsplassane vil vere nært brukarane. I nye Ålesund vil Steinshamn framleis ha tilbod om jordmor, helsestasjon, lege, heimeteneste, omsorgsbustare, sjukeheim og rådhusfunksjonar, skreiv ordføraren mellom anna i brevet.

Han understreka også at Sandøy ønsker å ha gode samband både til Molde og Ålesund.

Stor engasjement

I tida etter at Myklebust skreiv brevet, har diskusjonen gått høgt og engasjementet har vore stort.

– Eg er redd for at ei grensejustering også kan gå ut over arbeidsplassar i Sandøy, mellom anna i pleie- og omsorgssektoren, seier Myklebust. Men for meg er nok det viktigaste argumentet at vi mister svært store havområde.

Grensejusteringa vil omfatte berre 4,5 prosent av innbyggjarane i Sandøy, men 40 prosent av arealet.

Utnytte havrommet

– Nokre hevdar at det er eit vikarierande motiv, og at det er turistmagneten Ona som er det viktigaste?

– Det må dei gjerne meine, men i intensjonsavtalen for den nye kommunen står det at det er viktig å utnytte kommunen sin strategiske posisjon på kysten og etablere ny næring både innanfor turisme, maritim, marin og energinæring.

Myklebust seier også at Sandøy kommune ikkje har kapasitet til å gjennomføre den praktiske jobben med ei eventuell grensejustering.

– Fylkesmannen får ta seg av dette. Han får rydde opp i elendet, slår Oddvar Myklebust fast.

Denne saka var først publisert på smp.no