(Smp.no) Brannsjef i Stranda kommune, Inge Teigen, har sett bilete og seier det kan vere brannfarleg når det er så mange vogner som står nært kvarandre.

– Verste konsekvensen er at det kan gå menneskeliv viss det byrja å brenne. Det har skjedd brann på campingplassar der menneskeliv har gått tapt. Den dagen det blir brann i den klynga vil det gå fleire enn ein bil. Då blir konsekvensen alvorleg for den det gjeld, seier Teigen.

Minst tre meter

Ifølge direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) skal det vere minst tre meter mellom campingvogner og bubilar. Formålet med avstanden er å avgrense spreiing av brann, slik at personar nær brannen klarer å rømme og eventuelt hjelpe i slokkearbeidet.

– Det er Geiranger Camping sitt ansvar at det skal vere tre meter. I Geiranger er det press på denne tida av året. Dei bør lage seg ein plan inne på plassen som viser korleis gjestane skal stille opp campingvogner og bubilar, og passe på at gjestane følger sikkerheitsreglane, fortel brannsjefen.

Teigen seier vidare at campingplassar bør ha sløkkingsutstyr og at ein kan raskt flytte seg viss det oppstår brann.

– Dessutan er det eit lovkrav at alle bubilar skal ha sløkkingsutstyr, seier han.

Diskuterer tiltak

Synnøve Maråk driv Geiranger Camping A/S saman med Frank Maråk. Ho fortel at campingplassen har fri plassering med ingen konkrete avmerkingar.

– Det gjer at mange plasserer seg der dei har lyst til å stå. Dei plasserer seg ofte med tanke på utsikt eller vere nær ein nabo.

Maråk fortel at dei gjerne vil halde kravet om tre meter, men at det ikkje alltid fungerer i praksis. Ho er einig i at det kan vere brannfarleg når vognene står så nært.

– Vi har ei utfordring å få dette betra. I det siste har vi diskutert tiltak. Bubilane blir større og større. Vi må kanskje sjå på utformingen for å få meir luft, og sjå om vi kan regulere plassane betre. Samtidig vere konkrete med å informere gjestane om brannreglane, fortel Meråker.

– Eit kraftig press

Ho opplys om at Geiranger Camping bruker NAF sine generelle regler når det gjeld tryggleik, og at desse er tilgjengelege for alle på campingplassen. Meråker seier også at dei har slokkingsapparat rundt omkring på området.

– Det er eit kraftig press her no. Det hender at folk køyrer inn på campinga utan at vi er klar over det. Vi forsøker å følge med på korleis gjestane plasserer seg. Men når det er så trykk som det er no, så rekk vi ikkje å følge med på alle, seier ho, og understrekar at dei sjølvsagt ikkje ønsker at det skal oppstå brann.

Meråker legg til at gjestane også har fokus på brannsikkerheit.

– Dei seier gjerne ifrå viss nokon står for nært. Då ber vi dei om å flytte seg, seier Meråker.

Denne saka var først publisert av Sunnmørsposten.