– Bakgrunnen er at driftsnivået i kommunen skal ned med åtte prosent, vi er pålagt å ta vår del. Og då må vi ta der vi meiner det kan vere noko å hente, forklarer helsesjef Roald Borthne.

Sidan 1. november 2015 har Aukra samarbeid med Molde kommune om denne tenesta, der Aukra har hatt 50 prosent stilling. Frå 1. april vert stillinga til jordmora redusert til 40 prosent.

– Kva vert konsekvensane av dette?

– Vi har i gjennomsnitt rundt 35 gravide i Aukra, med kanskje seks kontrollar på kvar. Ser vi på tal timar til rådvelde, har nok Aukra eit godt tilbod i høve mange andre. Sjøl om vi går ned til 40 prosent stilling.

– Så dette vert nok til dei oppgåvene som skal utførast?

– Ja, dette skal ikkje føre til nokon fare for at vi ikkje får eit godt tilbod, fagleg sett. Men ei jordmor har mange oppgåver, det kan bety noko for fleksibiliteten med heimebesøk og den service vi elles skal yte.

– Kan gravide på fastlandet framleis nytte seg av tilbodet i Molde?

– Nei, og der får vi den største endringa. Dei har så langt kunne gå til kontrollar hos jordmora i Molde, ei praktisk god løysing. Men frå 1. april må dei til helsestasjonen på Gossen for å få denne tenesta.

God teneste

Helsesjefen føler seg trygg på at alle som treng hjelp, framleis skal få eit godt tilbod.

– Ikkje berre fordi vi i tenesta har erfarne og flinke jordmødrer til å utføre oppgåvene. Men også fordi gravide veit dei kan få hjelp både gjennom fastlege og i gynekolog- og jordmortenesta på sjukehuset om det skulle vere nødvendig.

Faste dagar

Med det nye tilbodet vil det vere jordmor på Gossen måndagar og onsdagar. Dit må også alle gravide frå Julsundet. Det har skapt dei største reaksjonane.

«Her sparer Aukra kommune lommerusk, ei stadig aukande befolkning i Julsundet får større utgifter og må kanskje ta fri frå jobb i fleire timar. Dette skjer i den rikaste kommunen i området», er mellom innspela.

Med to faste dagar i Aukra fryktar mange at det også vert vanskelegare å innfri krava om tidleg heimebesøk.