(SMP.NO): Fiskebåten «Harhaug 1» med 22 personer om bord mista framdrift og straum i Barentshavet etter ein brann fredag, melder Fiskeribladet.no.

Ingen skal ha blitt skadd i brannen som skal ha starta då båten låg aust for Bjørnøya.

Mannskapet skal ha klart å sløkke sjølv, og ein annan båt skal ha starta slep inn mot land, før Kystvakta tok over, ifølgje avisa.

Nærmar seg kysten

Den sivile slepebåten «Borg Parat» skulle ta over slepet natt til måndag, men ifølgje Fiskeribaldet var vêret dårleg og dei måtte vente med å slepe båten vidare.

– Kystvakta sleper båten no, men så fort vêret tillet det så tar vi over slepet, seier reiar og skipper Lars Jensen på «Borg Parat» til Sunnmørsposten, på satelittelefon frå Barentshavet.

Like før klokka 13 måndag opplyser han at dei begynner å nærme seg kysten og at dei er om lag 70 nautiske mil utanfor Honningsvåg.

Mannskapet på 22 er framleis om bord. Larsen fortel at dei er blitt godt tekne vare på, men det er verken lys eller varme om bord. Ute er det tett snøvêr.

Fekk kaffi og varm mat

Om bord på kystvaktskipet KV «Nordkapp» fortel vaktsjef Torbjørn Faksen at dei starta slepet av «Harhaug 1» i tre-tida søndag.

– Vi overførte eit aggregat med varmevifte til båten, så dei har fått straum og varme. Og i går fekk dei kaffi og varm mat. Dei har det bra, men det er jo ikkje noko særeg utan straum, seier Faksen, som er frå Tomrefjord.

Planen til KV «Nordkapp» er å gå til Honningsvåg. Med den farten dei heldt i 13-tida måndag reknar Faksen med at turen tar ni til ti timar.

– Det var dårleg vêr i går, men sjøen har roa seg no, fortel han.

Planen er at slepebåten «Borg Parat» skal ta over og ta båten til Tromsø, og Larsen på slepebåten reknar med dei vil vere framme der onsdag morgon.

«Harhaug 1» er eigd av selskapet Grytafjord AS på Vatne.

Det har så langt ikkje lykkast Sunnmørsposten å få kommentar frå leiinga i selskapet.

Denne saka ble først publisert av Sunnmørsposten.