Den gode utviklinga på arbeidsmarknaden held fram også frå juli til august.

I august  2017 er det 3 895 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,8 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på 14,8 prosent frå same månad i fjor.

I august 2017 var 903 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 344 fleire enn i august 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 798 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,2 prosent for kvinner og 3,2 prosent for menn.

I Romsdal er det berre Aukra som fekk fleire ledige i august, og dette er og kommunen med den høgaste prosentvise arbeidsløysa i Romsdal.

Se din kommune her:

KommuneLedigeProsentAugustSiste år
Molde3412,40 %-6-111
Ålesund6452,50 %-39-183
Kristiansund5134,20 %16-185
Haram1773,60 %8-35
Vestnes1053,00 %17-21
Rauma782,00 %-24-55
Nesset473,10 %0-4
Midsund292,80 %-12-6
Sandøy101,50 %-2-2
Aukra794,40 %615
Fræna1773,40 %59
Eide502,70 %3-17
Averøy662,20 %-13-1
Gjemnes231,70 %1-11
Tingvoll302,00 %-54
Sunndal421,10 %-18-34
Hele fylket3 8952,80 %-132-676

God utvikling

– I Møre og Romsdal har vi nå lågare arbeidsløyse enn det vi hadde for to år sidan. Det har også vore god utvikling i landet i same periode, og arbeidsløyseprosenten i landet ligg framleis 0,1 prosentpoeng lågare enn arbeidsløysa i vårt fylke, seier fylkesdirektør i Nav, Stein Veland.

Arbeidsløysa fell siste månedan både på Nordmøre, på Sunnmøre og i Romsdal. På Nordmøre er det god utvikling i dei fleste kommunane, og området har fått færre arbeidslause den siste månaden tross at det er blitt fleire arbeidslause i Kristiansund.

Fleire unge ledige i august

Det har vore ei lita auke i talet på ledige under 30 år den siste månaden. Denne aldersgruppa har likevel hatt ei god utvikling over tid, og samla for alle under 30 år har reduksjonen det siste året vore over 17 prosent.

– Blant yrker er det størst prosentvis fall i arbeidsløysa for ingeniørar og tilsette i IKT-fag, seier fylkesdirektør Stein Veland.

I landet er det 73 918 heilt arbeidslause. Dette er 2,7 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 12,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.