Skolen er ein viktig ressurs for lokalsamfunnet og fungerer både som skole og samfunnshus for fastlandsdelen i Aukra kommune. Skolen vert nytta til fleire ulike formål på kveldstid, der det foregår arrangement og ulike tilstellingar.

Klipte snora

Alma Veierland og Patrick Riise Bolsønes var stolte elevar som fekk vere med å ta det første spadetaket på den nye skolen, som får ein kapasitet for 275 elevar. Og som i tillegg inneheld eit sårt etterlengta fleirbrukshus. Det var ei markering der også store og små elevar bidrog med kulturinnslag.

Stort engasjement

– Det har vore stort engasjement med ønske og vilje frå mange om å kunne få dette prosjektet godt planlagt og gjennomført, sa prosjektleiar Jan Gunnar Gjelberg då han fortalde om prosessen.

Og dagleg leiar Eskild Røsand i Betonmast Røsand meinte dette var ein stor dag for alle som får ny skole, og ein stor dag for bedrifta som er totalentreprenør og skal bygge.

Mange innspel

– Gjennom høyringsrundar kom det innspel frå 24 instansar, lag, foreininga og andre. Som vi alle kjenner til gjekk mykje av tida i starten med til nødvendige avklaringar og anna om skolesamarbeid med Fræna, sa ordføraren.

Lenge etterlengta

Den eksisterande skolen er påbygd fleire gonger. Den eldste delen er frå 1973 og den nyaste frå 2011. Det er varierande kvalitet og tilstand på dei ulike bygningsdelane.

Det er behov for å auka kapasiteten ved skolen og utbetre delar av dei eksisterande bygningane.

Hovudgrep

Skolen har i dag eit areal på 3000 kvm, 2300 kvm vil stå igjen etter riving. No kjem i tillegg eit nybygg på vel 2600 kvm. Skolen vert oppgradert med topp moderne undervisningsrom.

Dagens gymsal og samfunnsdel vert reve og nybygget plasserast vest/sørvest for eksisterande gymsal. Garderobar skal byggast om. Det vert vidare etablert nye elevgarderobar med desentraliserte inngangar nær ved ungdomstrinnet og ved småskulen.

Samfunnsdel

Fleirbrukshallen skal utover å væra gymsal for skolen, også fungere som samfunnshus og skal betene lokalsamfunnet som eit samlingspunkt med ulike arrangement og eksterne aktivitetar.

At samfunnsdelen er ein viktig funksjon for lokalsamfunnet vert gjenspegla i at funksjonen får ein synleg og sentral plassering i bygget.

Sjølv om det vert lagt opp til tett sambruk mellom skolefunksjonar og samsfunnsdelen, skal desse funksjonane også kunne fungere uavhengig av kvarandre. Det skal kunne foregå aktivitetar i samfunnsdelen utan at dette legg band på andre areal i skolen.

Hektisk periode

– Det er lagt eit grunnlag for at dette skal bli eit flott skolebygg. Allereie over nyttår vert det aktivitet der området skal sikrast. . Så kjem store gravemaskiner. Etter sommarferien skal bygget ha reist seg, sa Røsand.

Og sommaren 2018 skal ein ny skole og ein fleirbrukssal stå klar.