Møre og Romsdal FrP kallar no inn fylkesstyret til ekstraordinært møte søndag 1. juli. Bakgrunnen er utviklinga i Nordøyvegen-saka,skriv FrP i ei pressemelding.

– På sakskartet står eit muleg mistillitsforslag frå partiet sin fylkestingsgruppe, mot fylkesrådmannen, med bakgrunn i manglande tillit ikring prosess og saksbehandling i saka, skriv Frank Sve, fylkesleiar i Møre og Romsdal FrP.

– Bryt lova

Vidare meiner Sve at:

– Det er svært alvorleg at fylkesrådmannen i denne svært store og viktige saka ikkje etterlever krav om saksbehandling til kompetent folkevalgt organ som har fått mandat i saka frå fylkestinget.

Og:

– Det er enda meir alvorleg at ei tilråding om å avslutte Nordøyvegprosjektet kjem «slentrende» på ein fredag, utan forsvarleg saksutgreiing, og framlagt på ein slik måte at politisk forsvarleg saksbehandling er uråd å gjennomføre før møtet 2. juli.

Sve meiner at fylkesrådmannen si framferd heller ikkje er i tråd med reglement i fylket som seier at saker skal sendast ut ei veke før møtet.

Fylkesleiaren vurderer handlemåten som eit klart brot på paragraf 23 i kommunelova, skriv han i pressemeldinga.