«Den Blå Timen» på Sandøya har utvikla seg til ei sanseleg oppleving i fargar, musikk, vennskap og kysthistorie. På laurdag vart den avvikla for 6. året på rad. Alt ved inngangen følte vi oss som ein del av storfamilien på Sandøya. Initiativtakaren Signe Torill Eikrem ønskte kvar enkelt velkommen. Gjennom eit stort smil strålte ho engasjert.

Historia

Forventning om ei storoppleving låg i lufta. Før Ingvar Sandøy ringde med kyrkjeklokkene heldt han ei kort orientering om sandøykyrkja si 204 år gamle historie, om miljøet og om korleis folket ute i øyå fekk melding om gudsteneste gjennom bålbrenning på Varhaugen på Sandøya. Sandsøya var sentrum øysamfunna på Romsdalskysten på 1800-talet. Dette i sterk kontrast til både utviklinga og dagens informasjonsflyt. På Sandøya er det no 35 fastbuande.

Den første åttekanta kyrkja i Romsdal står stabilt som samlingsstad for øyfolket for kyrkjelege og kulturelle samlingar, som «Den Blå Timen». Noko forseinka kom konserten i gong. Det tar si tid å få plass til alle 190 betalande inne i den vesle kyrkja.

Konserten vart opna av kantor Robert Coates. Ei suite over to av Edvard Grieg sine salmar, som er tatt med i salmeboka, var tema. Det er høgtid når Coates trakterer kyrkjeorgelet. Harøyjenta Synne Magerøy, med sine 22 år, har hatt ei flott songutvikling. Ho entra kyrkjerommet med Ave Maria, og fulgte så opp med fleire salmar og ein folketone frå Beiern.

Veldig flott å sjå at Synne Magerøy kan gi meir av seg sjølv gjennom eit meir skodespelarmessig uttrykk. Ho hadde flott akkompagnement av Robert Coates på piano og Sondre Meisfjord på kontrabass.

Hovedgjester

Gjermund Larsen Trio var hovedtrekkplasteret i årets konsert. Trioen består av Germund Larsen, Andreas Utnem og Sondre Meisfjord.

I presentasjonsprogrammet fekk vi vite at Gjermund Larsen hadde traktert si fele heilt frå 5 års alderen. At han mellom mykje anna vart historias yngste vinnar i A-klassa på Landskapsleiken i 2002 og at han i 2005 fekk kongepokalen som beste utøver på fele. Både Gjermund Larsen, Andreas Utnem og Sondre Meisfjord er mellom dei mest brukte musikarane til å akkompagnere songeliten i Noreg.

Det kom tydeleg fram at trioen kunne sitt fag. Dei fekk fram dei mest kjenslevare tonane i sine instrument til tolking av salmar, folketonar og til sjølvkomponerte polkaer. Å du verda så flotte folketonar! Musikarane kom nært sitt publikum i den vesle kyrkja. Publikum gynga liksom med som om dei var ute på sjøen. Tonane leika seg langs bårdane i rosemålinga på veggane. Ja, det var mest som Tavle-Jakob sine utskorne apostlar i altertavla også gynga litt med. Ei verkeleg stor sanseleg oppleving!

Vakker folkemusikk

Det var også musikk i Gjermund Larsen sin formidling og måte å opptre på. Med sin dialekt frå Verdal fortalde han om sin oppvekst i ein musikkfamilie der foreldrene reiste rundt og underviste i folkedans og at dei fire borna var med og underheldt. Det vart nesten for mykje,og i rein trass komponerte han ein polka som det er komplett umogleg å danse til. Etter framføringa var det forståleg. Publikum vart også musikalsk tatt med inn på kjøkkenet til Gjermund sin mor. Her var det mykje godsaker og fart i «Kjøkkenpolka». Morosamt.

Til avslutning toppa trioen det heile med sine folketonar i eit por Pori inspirert av Johann Sebastian Bach. Eg trudde ikkje at folkemusikk kunne vere så vakker. Etter framføringa fekk musikarane velfortent ståande og langvarig applaus.