Slutt for «Øyavis»?

Lokalavisa «Øyavis» i Midsund har eksistert i 30 år. Men no kan det snart vere slutt.

Pionerane Arve Misund (t.v.) og Odd Fremstedal står i dag som eigarar av avisa, men er uroleg for framtida. Foto: Svein Bjørnerem  

Nyheter

Midsund: – Vi har utsett dette i det lengste. Men tida er inne for å informere våre lesarar. To trufaste skribentar er borte, då må vi ha nye inn. Det er ikkje så enkelt, konstaterer redaktør Odd Fremstedal, som har vore med sidan starten i 1983.

- No treng eg nokon å spele på lag med. Det er eit tungt ansvar å sitje igjen nærmast åleine. Eg kan ikkje både skrive, skaffe annonsar, fakturere og føre rekneskap, innser Fremstedal. Det er nokon til å skrive han treng mest.

Var i møte

Det har vore møte med kommunen, der dei fekk ei statusoppdatering og vart informert om at avisa kan kome til å legge ned frå nyttår.

- I ei tid med sosiale medium som Facebook og fulle postkasser med direktereklame er det nedgang i annonseinntektene. Trykkingsutgiftene blir store. Og når vi kjem ut så sjeldan, vil ikkje Posten definere oss som avis. Vi må sende avisa ut med portotakst. Og vi når ikkje opp til å få pressestøtte.

Avgjerd

«Øyavis» har betydd mykje for øyfolket, i 1993 fekk avisa kulturprisen.  I november skal dei etter plana sende ut giro til sine 1700 abonnentar. - Vi må bestemme oss før den tid. Halvanna månad har vi på oss, seier Fremstedal.