Krev sjukehusavklaring

Fylkestinget uroa over tempoet i sjukehusplanlegginga: - Det hastar med val av tomt.

Felles innsats: Fylkestinget ønskjer fortgang i val av tomt for nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal, og vil ikkje akseptere endring av prioriteringslista. Bildet er tatt under avslutninga av fylkestinget i Geiranger onsdag. Foto: Olav Skjegstad 

Nyheter

Det er over ti år sidan fylkeskommunen vart fråtatt ansvar for sjukehusdrift, og vart erstatta av statlege helseføretak. Likevel skaper helsevesen og sjukehus sterkt engasjement på fylkestinget, som onsdag vedtok ei fråsegn om finansieringsmodell og prioritering av investeringsprosjekt i Helse Midt-Norge. Fylkestinget slår fast at prioriteringslista må bli ståande slik at utbygging av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal blir verande på 1. plass.

Frykta er at dersom prosessen med planlegging og byggestart i Nordmøre eller Romsdal dreg ut, kan det kome forslag om å flytte nytt psykiatribygg i Trondheim opp før nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Nordmøre og Romsdal har tidlegare opplevd å bli flytta nedover på lista, då ny barneavdeling i Ålesund vart flytta opp.

Likeverdig tilbod

 – Møre og Romsdal fylkesting ser svært alvorleg på ein langvarig situasjon der folk i Møre og Romsdal ikkje har fått eit likeverdig tilbod med befolkninga i andre delar av helseregionen. Vi er også uroa over at formuleringar i langtidsplan og budsjett opnar for endringar på prioriteringslista for framtidige investeringar, heiter det i fråsegna.

Fylkestinget understrekar deretter at uavklart tomteval i Nordmøre og Romsdal ikkje må bli brukt som argument for å utsette vidare planarbeid og avvike frå prioriteringslista.

– Det er Helse Midt-Norge som i første rekke må sikre realisering av nytt sjukehusbygg som planlagt. Dette gjeld også sikring av økonomisk berekraft, heiter det i vedtaket frå fylkestinget, som understrekar at dei vil vere ein aktiv medspelar for å finne ei god løysing.

Kommunedelplan

På fylkestinget orienterte plansjef Ole Helge Haugen om status for sjukehussaka akkurat no.

– Vi samarbeider no med kommunane Kristiansund, Gjemnes og Molde. Hausten 2014 skal kommunedelplanane i dei tre kommunane vere ferdig, Etter det vil departementet bestemme kvar sjukehuset skal ligge. Dette kan då vere avklart i løpet av neste år, sa Ole Helge Haugen.

Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre har varsla utviding av dei statlege rammene til 70 prosent av prosjektbeløp for bygging av sjukehus.

– Det er bra. Men det er framleis ein jobb å gjere med å finansiere dei resterande 30 prosent, sa Helge Orten (H).