Ann Helen Rødal Dalheim, leiar i Fræna Næringsforum, ser fram til ny matfestival i Elnesvågen laurdag 17. oktober.

Årets festival blir den sjette i rekka, og mange brikker er på plass allereie.

- Vi har mange medverkande klare på lista, her blir det mange gode smakar og opplevingar. Vi siktar også på aktivitet og overraskingar knytta til mataktørane, sier Rødal Dalheim.

Opplegget blir i hovedsak etter god gammal oppskrift, mange av dei medverkande har vore med før. Mellom årets aktørar er Restaurant- og matfag fra Fræna vgs, Brito spekemat, Thaimat, Drågen Smokehouse, Gardsslakteriet Sylte fra Surnadal med "Jakten på  kjærligheten"-bonde Ola Sylte, Tine, Nordtura, Knutepunktet, Sagbakken lefsebakeri, honningprodusenten Hagebruket, og Din fiskebil.

- Deltakarane er ei blanding av inviterte og påmelde, strot sett frå Romsdal og Nordmøre. Det er fritt fram å melde seg på, sier Rødal Dalheim, som ventar svar frå enda fleire aktuelle. Ho har også tru på at publikum vil trekke til festiavlen.

- Mat er populært, vi ventar minst 5.000 besøkande, sier Rødal Dalheim.

i tillegg maten, fornyar festivalen seg på underhaldningssida.

Det blir minikonsert med Knut Marius Djupvik, i samarbeid med Fræna Næringforums prosjekt "I e frening i".

- Mat og musikk er en miks vi trur på, sier Dalheim, og reknar med fullsett telt i Elnesvågen lørdag 17. oktober.