Ei epoke er over

Det har vore fire tøffe år som ordførar for Hans Endre Sæterøy. Torsdag leidde han sitt siste møte med kommunestyret.

Fikk takk Ordfører Hans Endre Sæterøy og varaordfører Eva Kristin Fjørtoft hadde sin siste dag med kommunestyret. Rådmannen benyttet anledningen til å gi dem roser som takk for godt samspill og den tilliten de hadde vist administrasjonen. Hun ba om at et innslag av røde roser ikke måtte misforstås.  Foto: Agnar Gjendem

Nyheter

– Å kunne påverke framtida for kommune tiltrakk meg. Få bruke erfaringa frå næringslivet inn i det politiske virke, forklarar han som bakgrunn for å bli ordførar.

Han fant raskt ut at læringskurva var bratt. Lover og reglar å sette seg inn i, men også representasjon og personlege forhold. Og ikkje minst møtet med media.

Ærefullt

Sæterøy ser tilbake på fire ærefulle år som ordførar. Men han har også opplevd ei turbulent periode med mange konfliktar og mykje negativ og belastande omtale.

– Media spelar ei stor rolle i slike samanhengar. Personleg meiner eg det uansett er viktig å ha eit godt forhold til media. Eg har ikkje hatt noko problem med å diskutere og snakke med verken den eine eller den andre. 

Kritisert

Han må tole å bli kritisert og vurdert som ordførar. Det er verre dersom det blir personleg, og ikkje rolla som blir vurdert.

– Vi har hatt våre konfliktar, men «mange» og «mykje» er ord som eg synest blir brukt feil. Det er utfordringar som vi har hatt og det er belastande for meg som det også er for andre.

– Kva har vore høgdepunkta gjennom fire år som ordførar?

– Eg er stolt av dei som har støtta opp i vanskelege tider. Og turen til Oslo under grunnlovsjubileet. Ramma rundt feiringa, det å få helse på kongefamilien på Slottet.

– Og dei negative opplevingane?

– Påstandar og feilinformasjon til media. Saker som etter mitt syn er tatt ut av sin samanheng og blitt framstilt som sanningar i avisene utan moglegheiter til å avklare dette.

Mellom dei vanskelege oppgåvene har vore bråk i skulen. Med rettssak mot rektor, der kommunen tapte og må ut med éin million kroner i kompensasjon. At lærarar går ut med at dei fryktar rasering av skulen, at elevar sender brev med rop om hjelp grunnet mobbing, hærverk og truslar.

Løfta fram

– Kommunen tapte ikkje rettssaka, men inngjekk forlik med tidlegare rektor, parerer Sæterøy. Grunnane til forlik har partane avtale om å halde tett om.

– Det er alltid ei utfordring å finne gode svar eller løysingar på ting som media har løfta fram som eit problem eller «bråk». Å få journalistar til å forstå at dei som oftast eig berre ein del av sanninga og at vi har nødvendige retningslinjer og regler for korleis vi handterer ulike utfordringar. Objektive vinklingar kan mangle, god dialog er heilt nødvendig for at ikkje enkeltpersonar blir skadelidande

Utflytting

Sandøy opplever har eit blomstrande næringsliv. Men samtidig ei utflytting og nedgang i folketalet.

– Næringslivet treng arbeidskraft, overføringar og skatteinngang vil bli påverka av at vi vert færre. Eg håper det endrer seg til det betre med Nordøyvegen og synergiar rundt den.

Mot Sunnmøre. Sæterøy har vore ein talsmann for at Sandøy kommune skal samarbeide sørover. Det er også einaste alternativet i arbeidet med den pågåande kommunereforma.

– Sandøy har hatt eit godt samarbeid sørover gjennom Sunnmøre regionråd og etablerte interkommunale nettverk. Men å samarbeide mot Aukra, Midsund og Romsdal vil framleis vere fint og nødvendig om det er tenleg for alle partar.

Samarbeid

Sæterøy vart valt inn for Høyre, som i mange periodar hadde eit godt samarbeid med Arbeidarpartiet. Han valde å inngå samarbeid med Venstre. Og i ei rekke saker har han heller ikkje stemt med sitt eige parti.

– Kva er ditt forhold til resten av gruppa og føler du tillit?

– At eg valde å samarbeide med Venstre er no ikkje heilt riktig. Det var eit fleirtal i partiet som ønskte dette, ei reint politisk vurdering av saker som vi meinte vi kunne vere einige om. Mellom anna på eigedomsskatt.

– Vi har heldigvis personlege stemmer i eit kommunestyre, eg har følgt mi eiga overtyding i kvar enkelt sak. Om eg har hatt tillit, så har vel avisa synleggjort gjennom diverse reportasjar at den tilliten ikkje er til stades.

– Korleis har samarbeidet vore med øvste administrative leder? 

– Eg har hatt som mål å samarbeide så godt som mogleg med alle som eg er involvert med, også rådmannen. Det har fungert godt. Eg er ordførar for alle og skal sørgje for at samarbeidet fungerer.

Eigedomsskatt

Sæterøy har vore tydeleg på at å sikre inntekter gjennom eigedomsskatt for å halde oppe eit godt tenestenivå er uaktuelt.

– Vi har eit utfordrande økonomisk bilde, eg trur kommunen klarer å ri av seg denne stormen. Om eigedomsskatt er middelet, får framtida bli utfordra på. Eg meiner eigedomsskatt rammer heilt feil. Den er med på å utarme den økonomiske berebjelken som bedrifter og andre må ha for å sikre trygge arbeidsplassar.

Nye oppgåver

No skal Sæterøy tilbake til I.P. Huse. Han gleder seg til å møte gamle kollegaer etter fire års fråvære. Og så har han ambisjoner om å nyte friluftslivet saman med kona Nina.