– Total skivebom

Med eit pennestrøk kan Aukra miste 150 millionar kroner årleg i inntekter. Det skaper utryggleik.
Skatteforslaget
  • Forslag til endring i eigedomsskatten vil innebere betydeleg skattelette for næringslivet i kommunar som har innført eigedomsskatt.
  • Dette vert motsvart med inntektsbortfall for vertskommunane. De største utslaga i absolutte beløp er i kommunar med store industrianlegg, som Aukra, Lindås, Hammerfest, Tysvær og Øygarden.
  • I kvar av desse kommunane vil inntektsbortfallet truleg kunne bli i 100-millionersklassen.
  • Også for kommunar med eit meir variert næringsliv, vil tapet kunne bli av stor betydning. Departementet har derimot ikkje grunnlag for å gi eit konkret anslag for verknadane i den enkelte kommune.
  • Samla eigedomsskatt frå eigedom (unntatt hus, fritidsbustad og vasskraftanlegg) utgjorde i underkant av 2,9 milliardar kroner i 2013. Dersom ein skjønnsmessig legg til grunn at departementet sitt forslag reduserer eigedomsskatten for desse eigedomane med 40 prosent.
Nyheter

– Ei endring i skattlegginga på eigedom slik Finansdepartementet har sendt ut i høyringsnotat, vil vere dramatisk for Aukra. Men også for fleire andre kommunar rundt oss. Dette gjev grunn til uro, meiner ordførar Bernhard Riksfjord (Ap).

Han ser på forslaget som ein total skivebom. Men optimist som han er, trur ordføraren at det ordnar seg til slutt – takka vere rikspolitikarar i KrF og Venstre med sunn fornuft. Men ein veit aldri ...

Dramatisk

Dersom regjeringa får støtte for dette forslaget, vil det få dramatiske verknader for svært mange distriktskommunar, industri- og vindkraftkommunar og kommunar med kraftleidningar.

– Særleg ille vert det for ilandføringskommunar for olje og gass, slik Aukra er. I vårt nærområde har vi Sunndal, Smøla, Aure, Fræna, Nesset og Rauma, men også andre som vert ramma.

Generasjonar

Riksfjord vert overraska og skuffa dersom KrF og Venstre vel å applaudere og støtte forslaget, som har sin bakgrunn i regjeringsavtalen i den omtala Sundvolden-erklæringa.

– Eigedomsinntekter kjem i dag til nytte og glede i kommunar og regionar. No er det ønske om at den skal og bør tillfalle staten, og eller dei aktuelle bedriftene og selskapa. Det kjem frå Høgre og Frp. At det haustar støtte og applaus frå NHO er ikkje overraskande. Å fjerne dette har dei vore einige om i generasjonar. 

Enorme tap

Aukra har på seks-åtte år sikra seg rundt 1,1 milliardar kroner i eigedomsskatt frå Ormen Lange. Av dette har 118 millionar gått til store og små regionale prosjekt gjennom GassROR IKS.

– I år reknar vi med rundt 170 millionar kroner frå Ormen Lange. Forsvinn 90 prosent av dette, seier det seg sjølv at det vert dramatisk. Mellom anna for Kjerringsundet, prosjektet med fast forbindelse mellom Gossen og Otrøya og vidare til Møreaksen. Og 20 millionar årleg til regional utvikling gjennom GassROR IKS fell garantert bort.

Velferda

– Skulle regjeringa få fleirtal for sitt mål og ønske om å fjerne ein over hundreårig akseptert, rettferdig og samfunnsnyttig god ordning, forsvinn mykje av den kommunale sjølvråderetten. Eg trur ikkje den framtidige kommunale velferda vil bli betre varetatt dersom berre selskapa og staten får ta hand om eigedomsinntektene.

– Regjeringa vil fjerne den prinsipielle retten til at lokaldemokratiet greier å handtere denne ordninga på ein fornuftig og god måte. 

Beundring

– All tilgjengeleg statistikk viser at den norske skattemodellen på dette og andre området innan næringa, ligg langt under den skattlegginga som, omtrent alle samanliknbare nasjonar har. 

Det er ikkje få små og store utanlandske delegasjonar som gjennom åra er på besøk i Norge for å sjå og høyre om vår olje, gass og industriutvikling. Og dei beundrar og syns vår modell om fordeling av våre inntekter frå olje og gassindustrien, er førebiletleg med den fordelinga gjennom skatteinntekter som kjem oss alle til gode. Og ikkje berre tilfell selskapa, og snevre delar av befolkninga i desse landa. 

Samarbeid

Vi er svært glad for at eit samla ROR på eit tidleg tidspunkt har støtta våre synspunkt. At prinsippet om at utskriving og avgjerd om å kunne behalde eigedomskatten, er ei kommunal sak som dei aktuelle kommunane skal bestemme og forvalte.

– Eg er også svært godt fornøgd og glad over samarbeidet med felles synspunkt frå KS, Landssamanslutninga av vasskraftkommunar og Norske vindkraftkommunar. Det er allereie semje mellom oss alle i denne samanslutninga om å møtast i Oslo allereie dei komande vekene. 

Jazztema

– Endring av reglar for eigedomsskatt på verker og bruk vil også verte eit naturleg tema under Jazzgass i Molde. Der kjem synspunkt og sterk motstand frå fleire mot å ville fjerne denne over hundreårige retten om kommunal eigedomsskatt. Dit kjem representantar frå regjering, storting, NHO, LO, Norsk Industri, fylkeskommunen og andre og vil delta. Dette er ei sak som opptek kommunar i heile landet. Det er etablert samarbeidsforum nasjonalt og regionalt som gjennom sitt arbeid håper på forståing og støtte frå overordna politisk nivå, fortel Aukra-ordføraren.